Ylvisåker
BERRE 2 ATT! |Naust/lager Ylvisåker| Fellesområde med båtrampe og kai
Prisantydning
kr 1 050 000 – 1 050 000
Totalpris
kr 1 050 000 – 1 050 000
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Visning
Henter visninger...
Selge egen bolig?
Bestill en e-takst av boligen din, så vet du hva du kan kjøpe for.
Beskrivelse
Ylvisåker, 6858 Fardal
Mer informasjon om eiendommen
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 79
- Bruksnummer: 54
- Kommunenummer: 4640 - Sogndal
Organisasjonsform
Eigarseksjonssameige Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Det er total 19 seksjonar i sameige, der kvar seksjon vil få sameigebrøk 1/19.
Informasjon borettslag / sameie
Vedtekter / Husordensregler:
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte eventuelt vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Parkering
Det vert lagt opp til at kvar seksjonseigar kan parkere framføre sin port mot fellesareal i midten. Elles godt utbygd kommunal parkering i området.
Eiendom
Tomteareal er 2 755 m2 på eiet tomt.
Fellesareala skal opparbeidast med asfalt mellom bygningane, plastring med naturstein mot sjø i vest. Rampe i søraustleg ende i betong for sjøsetting med hengar, kai i betong for av- og påstigning.
Fellesareala vert ferdigstilt etter at alle nausta er ferdig oppført. Utbyggjar har rett til bruk av fellesareal fram til at alle nausta er ferdig oppført og fellesareal er ferdigstilt.
Byggemåte
Nausta vil bli oppført med: - Ringmur og plate i betong. - Reisverk av trevirke - Veggar beståande av liggande dobbeltfalsa kledning, vindtetting med asfaltplater - Tak av prefabrikkerte lofttakstolar tekka med underlagstak og plater - Dobbel dør i trevirke. Bygget leverast nøkkelferdig. Moglegheit for islolering samt innreiing av loft for lagring som tilval. Innlagt straum i kvart naust med undermålar, levert med 2 doble stikkontaktar, 16 ampere sikring, koblingsboks og jordfeilbrytar. Grunnarbeid levert av: Flatland Maskin AS Betong og tømrararbeid levert av: Kollsete og Liheim Byggteam AS Elektrisk arbeid levert av: Solberg Elektro AS Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bygget. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar. Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar. Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet i prosjektet ei tid framover. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Vei, vann og avløp
Det er kommunal bilveg fram til eigedomen. Det vert lagt fram vatn til felles utekranar på området (stengt om vinteren).
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar. Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Avgiftsbeskrivelse
Evt. renovasjon og eigedomsskatt.
Prisinformasjon
Fast pris kr 1 050 000,- Omkostninger: 750,- dokumentavgift av tomteverdi 500,- tinglysing skøyte 500,- tinglysing pant -------------------------------------------------------- 1 051750,- (Totalpris inkl. omkostninger) NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses ett pantedokument.
Tilvalgsmuligheter
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Adgang til utleie
Seksjonen kan leigast ut. Styret skal informerast om alle leigeforhold.
Sentrale lover
Nausta vert selde etter reglane i avhendingslova. I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette. Eigedomen skal leverast til kjøpar i tråd med det som er avtala. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta. Kjøpar vert vurdert til å vere kjent med forhold som er tydeleg beskrive i salsdokumenta. Forhold som er beskrive i salsdokument kan ein ikkje gjere gjeldande ein mangel. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta. Dersom kjøper ikkje er forbrukar vert eigedomen seld "som den er", og ansvaret til seljar er då avgrensa jf. avhl. § 3-9, 1. ledd 2. pktm. Avhendingslova § 3-3 (2) vert fråviken, og vurderinga om eit arealsvikt innandørs skal karakteriserast som ein mangel vurderast etter avhendingslova § 3-8. Informasjon om undersøkingsplikta til kjøpar, med dette oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld også for kjøparar som ikkje vert vurdert som forbrukarar. Med forbrukarkjøp meinast kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk person som ikkje hovudsakeleg handlar som ledd i næringsverksemd.
Kjøpe og selge - steg for steg
Skal du både kjøpe og selge bolig? Sammen med SpareBank 1 hjelper vi deg gjennom alle stegene – hele veien inn i ditt nye hjem.