Kong Beles veg 20
Lekre nye leiligheter med høg standard i sjøkanten. Parkering og heis. Fantastiske sol- og utsiktsforhold. Kun 2 att!
Prisantydning
kr 6 900 000 – 7 200 000
Totalpris
kr 7 073 850 – 7 381 350
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Visning
Henter visninger...
Selge egen bolig?
Bestill en e-takst av boligen din, så vet du hva du kan kjøpe for.
Beskrivelse
Kong Beles veg 20, 6899 Balestrand
Velkommen til Kong Beles veg 20 - eit unikt prosjekt med lekre leilegheiter midt i hjartet av vakre Balestrand! Prosjektet består av 11 leilegheiter planlagt ferdigstilt til sommar 2026, med god standard og fantastisk beliggenhet ved sjøkanten. Her kan ein skilte med smakfulle detaljar og tidsriktige overflater, god planløysing, og ikkje minst fantastiske sol- og utsiktsforhold. Leilegheitene passar like godt for fastbuande som til ferieføremål - her kan ein nyte det gode liv ved sjøen med gåavstand til alt Balestrand har å by på! Eigedommen ligg attraktivt til med Sognefjorden som nærmaste nabo. Frå leilegheitene kan ein nyte fantastisk utsikt over fjorden mot Vangsnes og Hella, med høge fjell som bakgrunn. Kvar leilegheit får romslege uteplassar med svært gode solforhold og flott utsyn over fjorden og bygda. 9 av 11 leilegheiter selde! Moglegheit for tilpassing av kjøken / bad ved snarleg avgjerelse. Det vil bli sett opp felles visning etter påske - meld di interesse ved å ta kontakt med meklar.
Kart
Mer informasjon om eiendommen
Nærområdet
Balestrand blir omtala som "den vakre kunstbygda" og byr på fleire kulturelle skattar. Bygda har eit yrande liv om sommaren og med eit koselig sentrum berre nokre meter unna kan ein nå servicefasilitetar som det kjende Kviknes Hotell, fleire kafear, restauranter og matbutikkar. Området byr på variert natur med fjord og fjell i umiddelbar nærleik, her finn du ein rekke flotte turstier og naturopplevelser like utanfor døra. Balestrand er eit flott utgangspunkt for opplevelsar både lokalt og i området rundt - sommar som vinter.
Reguleringsplan
Eigedommen er under omregulering frå offentleg formål til bustad og næring. Det er atterhald om at regulering vert godkjent av Sogndal kommune.
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 310
- Bruksnummer: 9
- Kommunenummer: 4640 - Sogndal
Organisasjonsform
Leilegheitene vil bli selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal (BRA-i) i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av kommunen. Seksjonering kan ta tid som følgje av lang sakshandsamingstid. Sameiget vil bli leia av eit styre som vert valt mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i sameiget. Det er ikkje valt forretningsførar for sameiget. Sameiget må ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert. Det kan skje ei omprosjektering som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget. Om det som følje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget, er kjøpar pliktig å godta dette. Den einskilde seksjonseigar heftar for felles ansvar og plikter etter sameigebrøken. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader, jf. eigarseksjonlova §§ 30 og 31. Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Informasjon borettslag / sameie
Vedtekter / Husordensregler:
Det blir ved seksjonering utarbeidd vedtekter for sameige, som kjøpar forpliktar seg til.
Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evtuelt vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Parkering
Alle leilighetane vil ha ein plass på felles parkeringsplass. Parkeringsplasser vil klargjøres med føringsveier for elektrisk infrastruktur slik at det er enkelt å installere kabler og ladesystem på et senere tidspunkt. Elbillader er kan bestilles som tilvalg.
Eiendom
Tomteareal er 2 298 m2 på eiet tomt.
Felles plenareal mot fjorden. Asfaltert parkering.
Byggemåte
Bustadene vert bygd etter byggeteknisk forskrift - TEK 17. Forskrifta sett krav til tiltak innafor alle viktige områder som visuell kvalitet, universell utforming, sikkerheit mot naturpåkjenning, uteareal, ytre miljø, konstruksjonssikkerhet, sikkerhet ved brann, planløysing, miljø, helse og energi. Fasade Yttervegger leveres med fasadeplater. Overflater og kledning Innvendige vegger Sparkla og kvitmalte gipsvegger. Kvalitetsklasse K2. Golv: Som standard leveres det laminatgulv, type Kronotex Mammut Everest Oak Beige 3081. Det er valgt dette golvet på grunn av kvalitet og at golvet er både fint og slitesterkt. Listverk Golvlister 12x58mm, gerikter 12x58mm og skrå taklist 21x45mm, alt listverk leveres kvitmalt Himling Sparkla og kvitmalte gipshimlingar. Kvalitetsklasse K2 Innerdører Det leveres glatte hvite innvendige dører. Ytterdører Ytterdører fra leiligheiter til fellesareal blir levert som brann/lyddør. Vinduer Malte vinduer med karmer i tre. Farge dempet sort. Belysning Kvite runde downlights i bad og entre. Kvit takplafond i soverom og boder. Stikkontakt ved tak for belysning i stove/kjøkken. Belysning under overskap på kjøkken. Utelampe på balkong. Heiser Det blir montert ny boligheis/løfteplattform i bygget. Ventilasjon Det vert levert balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinner. Oppvarming Elektrisk Varmekabel i golv bad og opphaldsrom Lagt fram vannboren varme til leilegheit med moglegheit for innstallering av radiator. Sanitær Innvendige vannledninger legges som rør-i-rør system med fordelerskap plassert i bad eller innvendig bod. Brannsikring Heile bygget vert sprinkla og det blir felles brannalarmanlegg.
Vei, vann og avløp
Eigedommen vert tilknytt offentleg anlegg for vatn- og avløp. Tilkomst frå offentleg veg.
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.
Avgiftsbeskrivelse
Kommunale avgifter og eigedomsskatt er ikkje fastasatt pr. dags dato da bygget er prosjektert og ikkje ferdigstilt. Kontakt Sogndal Kommune for nærare informasjon. Det vil tilkomme kommunale avgifter for kvar leilegheit. Kommunale eigdomsgebyr skrives ut kvartalsvis med for fall 1/3, 1/6, 1/9 og 1/12.
Videresalg av kontraktsposisjon
Kjøpekontrakten kan ikkje transporterast utan samtykke frå seljar. Seljar kan på fritt grunnlag avslå å gi samtykke til transport. Dersom seljar godtek transport, vil dei krevje eit transportgebyr på kr. 50.000,- inkl. mva. som kjøpar pliktar å betale inn i si heilheit før seljar signerer på naudsynte dokument. Kostnader til meklar kjem i tillegg. Seljar/meklar har opphavsrett til marknadsmateriellet for bustadprosjektet, med dette bilete og illustrasjonar. Kjøpar kan ikkje nytte marknadsmateriellet til bustadprosjektet i marknadsføringa av videresalet/transporten av kjøpekontrakt eller utleige utan seljar/meklar sitt samtykke.
Kjøkken
Det er valgt AUBO som vår kjøkkenleverandør. Det gir stor fleksibilitet og gjer det enkelt for deg som kjøpar å gjere endringer og tilpasninger til eige behov. Det lekre og sømløse designet skapar eit lyst kjøkken der detaljane står i sentrum. AUBO-kjøkken er laga for å tåle kvardagen i heimen - dag etter dag, år etter år. Standardkjøkken er AUBO med Unik fronter i hvit farge og med laminat benkeplate. Det vert levert kvitevarer som oppvaskmaskin, kombiskap, steikeovn, platetopp og ventilator.
Bad
Baderomsinnredning fra Linn Bad: Hilde 100cm baderomsmøbel og speil med lys. Servantkrane: Oras Saga, Dusjbatteri: Oras Oramix, Dusjgarnityr: Oras Apollo krom, Dusjhjørne( glassvegger): Viking Bad Mats 90x90 Belegg på gulv, type Gerflor Gerbad og baderomsplater: Fibo Cracked Cement eller tilsvarande prisklasse utan flismønster Det er avsatt plass til vaskemaskin.
Elektrisk anlegg
Elektrisk anlegg ligger generelt skjult i tak og vegger, bortsett frå framføringar til lys under overskap på kjøkken og i kjellarboder. Det kan også forekomme utanpåliggande kablar og utstyr på skillevegger mellom leiligheitene på grunn av lydkrav mellom leiligheiter. Antall stikkontakter blir iht krav i NEK400:2022. Alt utstyr blir levert i kvit utførelse. Belysning Kvite runde downlights i bad og entre. Kvit takplafond i soverom og boder. Stikkontakt ved tak for belysning i stove/kjøkken. Belysning under overskap på kjøkken. Utelampe på balkong.
Betalingsbetingelser
Kjøper er forpliktet til å betale kjøpesummen etter følgende betalingsplan: 10% ved signering av kontrakt (for dei som signerar før godkjent reguleringsplan er forfall ved godkjent rammeløyve for prosjektet) 30% ved oppstart elektroarbeid i leiligheitene 26% ved oppstart sparkling/maling i leiligheitene 34% ved overtakelse
Salgsbetingelser
Alle innvendige og utvendige arealangivelser er henta frå teikningar levert av arkitekt. Kjøpesum skal ikkje indeksregulerast. Ved eventuelt endring i eigarskap/namneendring frå kjøpar si sde etter bod/aksept vil det tilkomme ein administrasjonskostnad til meklar på kr 5000,- inkl mva. Leilegheitene vert levert i byggerein stand. Kjøpar må forvente utvask før innflytting. Illustrasjonane i salgsoppgåva viser ein del elementer som ikkje omfattast av selgers leveranse. Dette gjeld eksempelvis møblar, trær og anna beplantning som ikkje fremgår i beskrivelse. Databildene i prosjektet er av illustrativ karakter. Avvik kan forekomme. Illustrasjon av faktisk utsikt kan avvike etter bygging. Vegetasjon og andre utsiktshindringer på naboeigedom er ikkje vist i illustrasjon.
Adgang til utleie
Seksjonseigarar kan som hovedregel fritt leige ut sin eigen seksjon. Det kan imidlertid følge sameigets vedtekter at leigetakar skal godkjennast av styret, jf eigarseksjonslova §24 tredje ledd. Styret kan kun nekte godkjenning dersom det føreligg ein sakleg grunn. Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årlig ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.
Sentrale lover
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette. Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon.
Viktig informasjon
Entreprenøren skal stille garanti for oppfylling av avtalen. Denne skal stillast straks etter avtaleinngåinga, jamfør bustadoppføringslova §12. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til. Kjøper har rett til å halde tilbake alt vederlag frem til det er dokumentert at garantien foreligger. Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtaking. Garantien skal tilsvare minst 3% av kjøpesummen fram til overtaking, og minst 5% etter overtaking. Endringsarbeid/tilleggsbestillingar/tilval vil ikkje påvirke storleiken på seljar sin garanti/sikkerheit. Ved avtale om forskotsbetaling skal seljar i tillegg stille forskotsgaranti etter bustadoppføringslova §47. Det innbetalte beløpet tilhøyrer kjøpar, og kan ikkje frigjevast til seljar inntil det anten er stilt forskotsgaranti etter §47 eller kjøpar har fått tinglyst heimel til eigedomen. Garantistiller vil være Luster Sparebank. Ved overtakinga skal det vere stilt ferdigattest. I særlege tilfelle kan seljar krevje og kjøper ikkje nekte å gjennomføre overtakinga mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere til dømes dersom utomhus ikkje lar seg ferdigstille pga. tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdige før ferdigattest vert gjeve, og liknande. I slike tilfelle har kjøparane krav på å halde attende forholdsmessig del av vederlaget som sikkerheit for at det vert gjeve ferdigattest. Alternativt kan seljar stille § 47 garanti til sikkerheit for dette forholdet. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over og følgjeleg ikkje har krav på dagmulkt etter overtakinga. Ved overtaking mot mellombels bruksløyve eller forseinka heimelsovergang som følgje av seksjonering av eigedomen tek seljar atterhald om å kunne stille §47 garanti som sikkerheit for slike forhold. Mot slik sikkerheit kan seljar disponere heile kjøpesummen etter overtaking av eigedomen. Det er eit vilkår for oppgjer at eigedomen er seksjonert, at det ligg føre § 12 garanti, det ligg føre mellombels bruksløyve og at bustaden er skjøtt over samt at andre kontraktsforhold er avklara.
Kjøpe og selge - steg for steg
Skal du både kjøpe og selge bolig? Sammen med SpareBank 1 hjelper vi deg gjennom alle stegene – hele veien inn i ditt nye hjem.