Solsio

Søre Solsio trinn 3

Nydelige leiligheter m/balkong eller private takterrasser - vannbåren gulvvarme - svært gode kvaliteter- garasje i u.etg

Prisantydning

kr 3 100 000 – 8 500 000

Totalpris

kr 3 119 760 – 8 519 760

Kontakt megler for salgsoppgave med komplett informasjon om eiendommen

Skal du på visning?

Da er det lurt å ha finansieringsbevis klart.

Søk finansieringsbevis

Usikker på hvor mye du kan låne?

Prøv SpareBank 1 sin boliglånskalkulator

Til lånekalkulatoren

Visning

Henter visninger...

Selge egen bolig?

Bestill en e-takst av boligen din, så vet du hva du kan kjøpe for.

Beskrivelse

Grønamyrvegen 22, 5353 Straume

Dette er det nyaste byggetrinnet på salssuksessen Solsio! Med nesten alle leilegheitene selde på kort tid i dei forrige trinna, har vi no lansert eit spennande og unikt byggeprosjekt på Straume! Her får ein to typar leilegheiter, enten mindre leilegheiter med eitt soverom, eller større leilegheiter over to plan med privat takterrasse! Også i dette byggetrinnet skal vi søkje om Husbank-finansiering slik at alle kjøparane kan få tilbod om gunstig rente på lånet sitt! I dette byggetrinnet skal det byggast totalt 38 leilegheiter fordelt over tre etasjar. I underetasjen kjem det næring, der det mellom anna skal byggast ein Coop Extra-butikk. Prosjektet ligg midt i hjartet av Straume og har umiddelbar nærleik til alt Straume har å tilby. Vi estimerer ferdigstilling av bygget andre kvartal 2029, litt avhengig av når byggjestart blir gjennomført. Vi held fram med den same gode standarden som i dei tidlegare bygga på Solsio. Eit eksempel på standarden er ein-stavs parkett på alle golv der det ikkje er flis, golvvarme, fleire val for både bad og kjøken, samt romslege terrassar med mykje sol. Straume har vorte ein fantastisk stad med stor utvikling dei siste åra. På Solsio kan du bu i eit koseleg nabolag ved foten av Straumsfjellet, med parkering i kjellaretasjen under leilegheitsbygget. Solsio vert ein stad der du bur svært sentralt, samstundes som ein ligg skjerma frå trafikken i sentrumskjerna. Denne perfekte kombinasjonen gjer at det no vert bygd både bustader og næringsareal, knytt saman med eit sentralt grøntområde – Solsioparken. Det er lagt stor vekt på å skape eit intimt og tilbaketrekt bumiljø med flotte, eigne terrassar og balkongar. Den grøne parkpromenaden, som skil bustadane frå næringsbygga, skapar eit innbydande og koseleg område for alle bebuarane. Solsioparken, saman med næringsbygga, gjer at alle leilegheitene har lite eller ingen eksponering for trafikk. Parken og gågata skapar ei intim atmosfære der dagane kan nytast frå morgon til kveld i lyse og trivelege omgjevnader.

Kart

Kart over Grønamyrvegen 22

Mer informasjon om eiendommen

Nærområdet

Nærområdet

Solsio har ei utruleg sentral og god plassering midt i hjartet av Straume. Bygget ligg tett på Sartor Senter, som tilbyr absolutt alle fasilitetar og servicetilbod du treng både i kvardagen og til helga. Nokre eksempel er kino, restaurantar og eit utal butikkar. På Straume finn ein også hovudbussterminalen på Sotra. I nærområdet finst det idrettsanlegg som Straume Idrettspark, Bildøyhallen og Sotra Arena. Sotra Arena er kommunen si storstove på heile 9200 kvadratmeter. Idrettsparken ved arenaen har fleire utandørs fotballbaner, samt innandørs hallar for både fotball og handball. I dette området er det også flotte turmoglegheiter. Er du glad i eit bad, kan du både ved Sotraheimen - ca. 10-15 minutt til fots - og ved Geitevika nyte flotte dagar. Geitevika er ei nyoppussa badeplass, medan Sotraheimen har ei fint opparbeidd strand og brygge, samt fleire svaberg som passar til både soling og bading. Frå garasjeanlegget på Solsio reknar ein om lag 15 minutt køyring til Bergen sentrum og ca. 10 minutt til Loddefjord. Til Ågotnes reknar ein ca. 15 minutt køyring. På Straume er det svært gode bussamband i fleire retningar, til dømes til Bergen sentrum, Loddefjord, Askøy, Ågotnes, Øygarden og Sund.

Øvrig info

Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen

Registerbetegnelse

  • Gårdsnummer: 35
  • Bruksnummer: 262
  • Kommunenummer: 4626 - Øygarden

Parkering

Parkering for bil er mogeleg i parkeringsanlegget til Solsio. Det gjeld eigne reglar for parkeringsanlegget. Eigarseksjonane vert seld utan parkeringsplass, men ved kjøpsinngåelse er det mogleg å kjøpe fast P-plass i form av ein evigvarande bruksrett til P-plass i parkeringsanlegget for ein rabattert pris lik kr 315 000.- såfremst det er ledige parkeringsplasser. Sjå eigen avtale for vilkår om kjøp av bruksrett til P-plass. I tillegg kan det dersom det viser seg at det vert p-plassar tilgjengeleg etter at prosjektet er utseld vil det vere mogleg å kjøpe eit begrensa antal ekstra parkeringsrettar. Pris for parkeringsrett nr 2 vert kr 530 000.-. Alternativt kan ein leige P-plass i en begrensa periode på dei til einkvar tid gjeldande vilkår. Det skal leggast opp ladeinfrastruktur med lastfordeling tilrettelagt og klargjort for tilknyting av ladestasjon ved alle p-plassar. Etablering av sjølve ladestasjon er ikkje ein del av standard leveranse, men kan bestillast i tilvalsprosessen eller etter overlevering (forutsett at ein kjøper fast parkeringsrett). Sykkelparkering vert anlagt i samsvar med situasjonsplan. Etter eierseksjonsloven §26 fremgår det at sameiet gjennom sine vedtekter er forpliktet til å sikre at parkeringsplasser som i vedtak etter plan- og bygningsloven er krevet opparbeidet til bruk av personer med nedsatt funksjonsevne, også gjøres tilgjengelige for disse. Dette kan skje gjennom en midlertidig bytteordning eller på en annen egnet måte. Byttet gjelder så lenge beboeren har dokumentert behov. Styret kan gi nærmere regler om tildelingskriteriene. Videre fremgår det av den samme bestemmelsen at en seksjonseier med nedsatt funksjonsevne kan kreve at styret pålegger en annen seksjonseier uten behov for en tilrettelagt plass å bytte parkeringsplass. Dette forutsetter at seksjonseieren med nedsatt funksjonsevne allerede disponerer en parkeringsplass i sameiet.

Eiendom

Tomteareal er 7 228 m2 eiet tomt.

Kjøkken

Kjøkken vert levert med slette frontar, type HTH, Drømmekjøkken eller tilsvarande. Ein kan her velja mellom minimum 3-4 ulike fargar på skap og skuffefrontar mm. utan priskonsekvens. Omfang som illustrert på planteikninga. Kjøkkenventilator levert av kjøkkenleverandør som innbyggingsmodell, Røroshetta Crystal 1140, Slimline eller tilsvarande med løysing for resirkulering av luft i leilighet.

Bad

Ein stk. sluk med lokalt fall, plassert i nedsenka dusjnisje/hjørne. I dusjnisje/hjørne vert det montert termostatstyrt batteri med temperatursperre, dusjsett og dusjvegger som rett 90x90cm. Kvit nedfelt servant i underskap 60-100 cm (avhengig av plass på bad) med eittgreps batteri utført i krom. Vegghengt toalett med sete og lokk i hardplast. Tilkopling for vatn/avlaup til vaskemaskin. Våtrom i samsvar med teknisk forskrift.

Andre oppholdsrom

Baderom leveres med flis på gulv og vegger. Øvrige rom uten flis på gulv vil leveres med moderne einstavs eikeparkett med 145 mm breidde. Himling/veggar vert levert i gips/betong, sparka og mala kvit. Ein kan velje mellom fleire utvalde fargar på veggene. Alle vinduskarmar vert leverte i kvit farge. Listverk gjærast i hjørne. Listverk i førstesortering furu, dimensjon minimum 12x58mm. Innvendige plassbygde veggar og himling vert kledd med eitlags 13mm gipsplater før dei vert malt. Overgang mellom himling og vegg blir levert som listefritt. Gjer merksam på at riss her, samt innerhjørner kan forekomme og dette er ikkje å sjå som grunnlag for reklamasjon.

Ferdigstillelse

Byggearbeidet er rekna til å ta ca. 24 månader fra byggjestart. byggjestart er forventet 2. kvartal 2027. Forventa ferdigstilling er 2. kvartal 2029, men dette tidspunktet er førebels, ikkje bindande og utløyser ikkje dagmulkt. Ferdigstilling vil avhenga av tidspunkt for oppheving av atterhalda.

Kjøpe og selge - steg for steg

Skal du både kjøpe og selge bolig? Sammen med SpareBank 1 hjelper vi deg gjennom alle stegene – hele veien inn i ditt nye hjem.

Var det lett å finne informasjonen du lette etter?