
BOLIG
Parken er midt i blinken for oss
1. juli 2026
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Publisert 3. november 2024. Sist redigert 19. august 2026


Trendar for året: Energieffektive løysingar
I tillegg til dei 7 tipsa over, spurde vi Greta kva for trendar ho trur vil påverke bustadssal framover – og kva ein kan gjere sjølve med dei.
– Her handlar det om meir kostbare ting, og den største trenden eg ser handlar om å gjere bustaden meir energieffektiv. Dette er verkeleg i vinden for tida, og mange fleire spør etter straumprisen no enn tidlegare, fortel ho. Sjølv om det er kostbart, finns det løysingar som gjer bustaden din meir energieffektiv før sal, fortset ho. Du kan blant anna gå over på smartløysingar for elektrisitet og oppvarming, og du kan gjere isolerande tiltak på loft og kjellar. Det kan ein spare mykje på.
Energiattesten fortel litt, men ikkje alt
Enten du skal kjøpe eller selje bustad bør du vere klar over at energiattesten til bustaden ikkje fortel alt. – Mange gode og energisparande tiltak som blir gjort i eldre bustadar kjem ikkje med her. For eksempel om du har skifta vindauge eller sett inn ny varmepumpe. Energiattesten er ikkje detaljert nok på eldre bustadar, så les tilstandsrapporten i tillegg, avsluttar ho.