Parken er midt i blinken for oss

Eg er glad vi flytta i Lønnetunet. Det er nytt og lettstelt og så er det herleg med mindre husarbeid, seier Sigrid Hagen.

Publisert 1. juli 2026

VALDE FAVORITTEN: Hallvard Naustdal og kona Sigrid Hagen sikra seg favorittleilegheita i 3. etg i det gule huset i bakgrunnen.

Ho og mannen Hallvard Naustdal flytta inn i Lønnetunet i Parken for tre år sidan, og stortrivst i sin nye heim.

Dei budde i ein tomannsbustad på Ytre Hafstad og hadde tenkt på å finne noko mindre ei stund. Då Hallvard viste kona ein annonse for Lønnetunet, var det full klaff.

- Det var midt i blinken for oss. Nytt og fint og vedlikehaldsfritt. Det passa godt for oss som brukar mykje tid på hytta og i tillegg er glade i å reise.
Hallvard er pensjonert arkitekt. Noko av det siste han gjorde hos Arki var å teikne tuna i Parken.

- Dette er den leilegheita og planløysinga eg var mest fornøgd med, så det var flaks at den framleis var ledig då vi bestemte oss for å kjøpe, seier Hallvard.
Han synest dei har fått mykje ut av 87 kvadratmeter.
- Sjølv om det er ope mellom kjøkken og stove fungerer det som to soner, og i tillegg har vi tre soverom, eige vaskerom ved badet og gjestetoalett, fortel Hallvard.

Mange ventar for lenge

Overgangen frå 160 - til 87 kvadrat gjekk veldig greitt.

- Det var nesten ei halvering av plassen, vi måtte kvitte oss med mykje møblar og utstyr. Det er ein stor jobb, så det var godt å få tatt den prosessen medan vi har helse til det. Mange ventar for lenge med å flytte frå hus til meir lettstelte leilegheiter, meiner Hallvard.
Bilen står i garasjekjellaren under huset, og det er heis rett opp til leilegheita i 3. etg. der dei har alt på eitt plan. Her treng dei ikkje tenkje på snømåking, eller plenklypping og hagestell.
- Ungane hadde flytta ut og ingen av oss er hagemenneske så vi treng ikkje like mykje plass som før og saknar ikkje hagen. For oss som brukar mykje tid på hytta og elles er mykje på farten er det ideelt å kunne låse døra bak seg og reise utan å tenke på boss-spann eller vatning i hagen, seier Hallvard.

- Om vi blir leie av kvarandre har vi ikkje så mange plassar å gå som før, men det har heldigvis gått greitt så langt, seier Sigrid og ler.

NY KVARDAG: Mindre hus- og hagearbeid og meir tid til å reise. Det var viktig motivasjon då Hallvard Naustdal og og Sigrid Hagen valde å selje huset på Ytre Hafstad og flytte i leilegheit i Lønnetunet.

Skreddarsydde løysingar

Å kjøpe ei heilt ny leilegheit har ein stor fordel, meiner Hallvard:

- Vi fekk skreddarsydd alt akkurat slik vi ville ha det. Skulle vi kjøpe noko brukt måtte vi endra mykje. Her brukte vi god tid på å velje fargar og kjøkken og vi kunne sjølv bestemme plassering av spottar og stikk-kontaktar, fortel Hallvard.

Dei to bestemte seg for eit terrakotta-farga kjøkken og likte fargen så godt at dei har nøyaktig same fargetone på ein vegg som strekker seg frå stova og ut i gangen. Elles har dei gått for nøytrale, men varme fargetonar.

- Vi likar fargar, her er lite grått og svart!

TO SONER: Det er opa kjøkkenløysing i leilegheita, men Hallvard valde å forlenge veggen noko slik at det blir to soner. – Vi sit ikkje å ser rett på oppvasken frå sofaen, det er veldig greitt!

Både sentralt og landleg

Dei to set òg stor pris på lokaliseringa av Parken – det er landleg men samstundes sentralt.

- Ingen av oss var interessert i å bu i ei trafikkert gate. Vi trivst i grønne omgivnader. Her har vi nærbutikk og bur vi tett på elva med fine turstiar og har Hafstadsparken like ved. Samstundes er det berre ti minuttar å gå til sentrum, seier Hallvard.

Dei to er glade i å gå turar langs elva og likar å nytte seg av tilboda i sentrum.

- Vi er ikkje avhengige av bilen og prøver å gå så mykje som mogleg. Om ingen av oss har forslag til middag ein dag, så går vi berre ut og et, fortel Hallvard.

ALLTID UTEVÊR: Terrassen til Hallvard og Sigrid er tilpassa all slags vestlandsvêr – den har overbygg og glasveggar på begge sider.

God variasjon

Husa i Parken er plasserte rundt ulike tun, det synest arkitekten fungerer godt.

- Det er variasjon i bygga, men du ser at det er dei same arkitektane som står bak. Eg likar at husa ikkje står på rekkje og at det er ulike rom mellom dei, og så er det passeleg mange einingar rundt kvart tun. Vi ser meir folk og har betre kontakt med naboane her enn i det gamle nabolaget, seier Hallvard.

I det indre, bilfrie tunet er det leikeapparat og møteplassar for bebuarane, og i tillegg har alle leilegheitene sine private terrassar.

Leilegheita til Sigrid og Hallvard har overbygt terrasse på ca 10 m2, dei har i tillegg sett opp glasveggar på sidene som gjer at terrassen kan nyttast i all slags vestlandsvêr.

- I dag har de fri utsikt mot sentrum, korleis blir det når det siste tunet i Parken, Hasseltunet, blir bygt?

- Det blir mindre utsikt, men samstundes blir vi meir skjerma frå trafikken. Vi har heile tida visst at det skulle komme eit tun til, det blir kjekt å sjå heilskapen når alle dei fire tuna er ferdig oppført, seier Hallvard.

IKKJE GRÅTT OG SVART: - Vi er glade i fargar, seier Hallvard. Terrakottafargen på veggen har nøyaktig same farge som kjøkkeninnreiinga. Karnappvindauget gir ekstra lys og romkjensle i stova.