Sentralt, men stille og roleg i Parken
Jøran Skilbrei var 22 år gammal då han kjøpte si første leilegheit. Valet fall på Lønnetunet i Parken, det har han ikkje angra på.
Publisert 1. juli 2026
Etter tre år i eigen heim i Førde er konklusjonen klar: - Det har gått kjempefint, eg kosar meg her!
Jøran hadde vore på utkikk etter leilegheit ei stund då faren tipsa han om leilegheitene i Parken.
Ville ikkje pusse opp
- Far min meinte dette kunne vere noko for meg. Det var kjekt å få noko heilt nytt og fint, eg var ikkje interessert i eit oppussingsprosjekt. Så då var det berre å høyre med banken, seier Jøran.
25-åringen jobbar som kokk på sjukehuset – dermed er det ideelt å bu i Parken.
- Eg bur midt mellom Førde sentrum og jobb, det passar bra. Eg har eigen parkeringsplass i kjellaren, men prøver å gå eller sykle så mykje som mogleg, fortel Jøran.
Han synest det er heilt topp bu like ved Hafstadparken.
- Det er veldig sentralt, ein treng ikkje bil her, og samstundes er det veldig stille og roleg. Det er fin turveg til sentrum, og eg går gjennom Hafstadparken på veg til jobb. Når eg passar hundar er det kjempefint å gå turar i parken, fortel Jøran.
Plass til to
Han bur i 2. etg i det minste huset i Lønnetunet, med berre fire leilegheiter fordelt på to plan. Her har han 46 m2 for seg sjølv, i tillegg til ein romsleg terrasse.
- Det er meir enn nok plass til meg her, det hadde gått heilt fint med to personar òg, meiner Jøran.
Tuna i Parken er inspirert av dei tradisjonelle klyngetuna og alle husa har fått namn etter bygg ein gjerne fann på eit gardstun før i tida. Jøran bur i Eldstova.
- Det fungerer fint å bu i tun. Eg har litt kontakt med naboane, og har ein kollega som bur i nabohuset. Av og til er det samlingar med vaflar og slikt, fortel Jøran.
- Her vil eg bu
Han gjekk for nøytrale fargar i leilegheita, lyse veggar og kvitt kjøkken.
- Det som er kjekt med å kjøpe nytt er at ein kan bestemme sjølv korleis ein vil ha det. Eg fekk litt råd frå familie og venner, men landa på å gjere det ganske «safe».
Mor mi kjenner ei som bur i ei tilsvarande leilegheit i Parken, så eg fekk komme dit og sjå korleis ho hadde det, det var veldig nyttig, seier Jøran.
Han bestemte seg for å fjerne ei dør til gangen, gjekk for listefri løysing og investerte i benkeplate i stein på kjøkkenet.
- Eg er kjempefornøgd, det vart slik eg ville ha det. Her har eg tenkt å bli buande, seier 25-åringen frå Skilbrei.