Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 43
- Bruksnummer: 286
- Seksjonsnummer: 19
- Kommunenummer: 4647 - Sunnfjord
- Borettslag / Sameie navn: Tångane Sameige
- Borettslag / Sameie organisasjonsnummer: 991231323
Informasjon borettslag / sameie
Regnskap / Budsjett:
Årsrekneskapen for 2025 viser driftsinntekter på kr 216 513,- og eit årsresultat på kr 29 457,- (avsett til annan eigenkapital). Pr. 31.12.2025 hadde sameiget kr 228 929,- i eigenkapital og kr 69 527,- i disponible midlar. Sameiget har inga langsiktig gjeld.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med sameiget sitt rekneskap og budsjett. Kopi av desse ligg hjå meklar.
Vedtekter / Husordensregler:
Eigar forpliktar seg til å gjere seg kjend med vedtekter og eventuelle husordensreglar. Kopi av desse ligg vedlagt i salsoppgåva.
Dyrehold:
Husdyrhald er tillate etter vedtektene for sameiget/burettslaget. Det kan vere knytt betingelsar til husdyrhaldet i vedtekter eller husordensreglar. Dette må avklarast med styret i sameiget/burettslaget.
Beboernes forpliktelser:
Seksjonseigaren har det fulle ytre og innvendige vedlikehaldet av sin brukseining, noko som også gjeld for carporten. Sameiget har vedlikehaldsplikta for fellesboden og fellesareal.
Styregodkjennelse:
Det vert ikkje praktisert styregodkjenning i dette sameiget. Styret i sameiget skal likevel underrettast skriftleg om alle overdragingar.
Forkjøpsrett:
Det er ikkje forkjøpsrett på eigedomen.
Felleskostnader
kr 584,33 pr. mnd.
Felleskostnader inkluderer
Felleskostnadene er kr 584,33 pr. månad og inkluderer snørydding, vedlikehald av uteareal og drift av styret.
Felleskostnadene forfell kvartalsvis.
Internett og TV er ikkje inkludert i felleskostnadene.
Forsikringspolise
SP1969133.6.1
Areal
BRA: 101 m
2BRA-i: 96 m
2BRA-e: 5 m
2TBA: 44 m
2Arealene er oppgitt av bygningssakkyndig på grunnlag av NS3940(2023). Internt bruksareal (BRA-i) er areal innenfor boligens omsluttende vegger. Det er for eksempel stue, soverom, kjøkken, entré, bad, loftsrom, innvendig bod og ganger mellom disse. Dersom boligen består av en bruksenhet med flere selvstendige boenheter, skal de selvstendige boenhetene kategoriseres som BRA-i. Et eksempel på dette kan være en enebolig med adskilt utleieenhet. Eksternt bruksareal (BRA-e) er for eksempel en ekstern bod, kjellerstue med egen inngang, gjesterom, tilleggsbygg eller andre rom som tilhører boenheten, men som ikke er direkte tilknyttet det interne arealet. Tilleggsbygg kan være for eksempel garasje, naust eller utvendig bod. Innglasset balkong (BRA-b) er innglassede balkonger, verandaer og altaner som disponeres av boenheten. Terrasse- og balkongareal (TBA) er arealet av terrasser, altaner, verandaer og åpne balkonger som er tilknyttet boenheten. Leilighetens gulvareal (GUA) er boligens samlede gulvareal og areal med lav takhøyde ALH er areal uten krav til minste himlingshøyde.
Nye regler for arealmåling gjelder fra 1.1.2024. Les mer om
reglene.Parkering
Det følgjer med parkeringsplass i felles carportrekkje (nr. 19). Carporten har asfaltdekke, innlagt lys og straum, samt opplegg for elbilladar. Etablering av ladepunkt krev samtykke frå styret, og kostnader til etablering, vedlikehald og straum vert dekka av den enkelte sameigaren. Eigar må sjølv dekke kostand for lading av elbil.
Eiendom
Tomteareal er 8 045 m2 på eiet tomt.
Felles eigd tomt for sameiget på 8 044,6 m². Tomta er tilnærma flat og opparbeidd med asfaltert tilkomstveg, tun og fellesareal med leikeplass.
Sameiget si tomt er fellesareal, dersom det ikkje er gjort nærare avtalar om bruk i vedtektene eller seksjoneringsdokumenta.
Denne bustaden har tilleggsareal grunn på inngangssida og hagesida. Arealet følgjer bustaden og er ei tilleggsdel i samsvar med seksjoneringsbegjæringa. Sjå utdrag av seksjoneringsbegjæringa i salsoppgåva.
Byggeår
2005
Innhold
Rekkehus går over to plan med følgjande innhald:
1. etasje: Hall m/trapp, bod/vaskerom, bad og to soverom.
2. etasje: Stove, kjøkken og soverom/kontor.
Terrasse på ca. 27 m², inngangsparti på ca. 2,6 m² og treplatting på ca. 4,5 m² i 1. etasje. To balkongar på høvesvis ca. 5,3 m² og ca. 3,2 m² i 2. etasje.
I tillegg kjem ein utvendig bod på ca. 4,3 m². Seksjonen disponerer ein parkeringsplass på ca. 15 m² i felles carportrekke.
Dei oppgitte romma er definerte av bygningssakkyndig i samsvar med vedlagd rapport, basert på dagens faktiske bruk, uavhengig av kva som er godkjent av bygningsstyresmaktene.
Standard
Rekkehus over to plan oppført i 2005 med gjennomgåande planløysing, god romfordeling og uteplassar på begge sider av bustaden. Bustaden har tre soverom, stove med vedovn, separat kjøkken med spiseplass, samt bad og bod/vaskerom i inngangsetasjen. Det er gjort fleire oppgraderingar i nyare tid, mellom anna med Huseby-kjøkken frå 2019 og ny klikkvinyl i heile andre etasje og entré i 2025.
Entré:
Entréen tek imot med klikkvinyl frå 2025 og behageleg elektrisk golvvarme. Rommet har ein romsleg skyvedørsgarderobe med speildører og Elfa-innreiing som gjev gode oppbevaringshøve for yttertøy og sko. Kvitmåla tretrapp med rekkverk og handløpar på begge sider leier opp til andre etasje.
Bad:
Badet i første etasje har flislagde kvite veggar og flislagt golv med varmekablar. Rommet er utstyrt med toalett, heldekkande servant på skapseksjon, høgskap, speil med belysning og dusjveggar. Himlingen har innfelte halogenspottar, og rommet er tilknytt avtrekk til balansert ventilasjon. Ny termostat vart montert i 2026.
Vaskerom:
Vaskerommet ligg i første etasje og har vinylbelegg med elektriske varmekablar, trefiberpanelplater på veggane og himlingsplater. Rommet er utstyrt med utslagsvask, opplegg for vaskemaskin, varmtvassberedar på 198 liter og biinngangsdør direkte til utsida. Rommet er på godkjende teikningar oppgjeve som bod, og bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel er normalt søknadspliktig.
Soverom 1:
Hovudsoverommet i første etasje har golvbelegg, trefiberpanelplater og elektrisk golvvarme. Frå rommet er det direkte utgang til ei treterrasse med leveggar på to sider, tett rekkverk og plassbygd port med tilkomst til gangvegen på utsida.
Soverom 2:
Det andre soverommet i første etasje har tilsvarande overflater med golvbelegg, trefiberpanelplater på veggane, himlingsplater og elektrisk golvvarme.
Stove:
Stova i andre etasje har klikkvinyl på golv og malte overflater, der éin vegg vart måla i 2025. Ein kvitlakkert metallvedovn frå Jøtul er plassert i rommet og tilknytt skorstein i lettklinkerblokker. Frå stova er det utgang til ein delvis overbygd vestvendt altan med måla terrassegolv og tett rekkverk. Skyvedør gjev samband vidare inn til kjøkkenet.
Kjøkken:
Kjøkkenet er innreidd med Huseby-innreiing frå 2019 med profilerte frontar i grå utførelse, laminatbenkeplate, nedfelt stålkum og fliser over benk. Kjøkkenet har integrert Siemens-steikeomn, Electrolux induksjonstopp og oppvaskmaskin frå 2026, integrert vinskap samt frittståande kjøle- og fryseskap med vatn- og isdispenser. Ventilator frå Røroshetta har avkast til det fri, og det er montert komfyrvakt og lekkasjestoppar. Frå spiseplassen er det utgang til ein heilt overbygd austvendt altan.
Soverom/kontor:
I andre etasje ligg eit ekstra rom innreidd som soverom eller kontor, med klikkvinyl på golv frå 2025, malte veggflater og himlingsplater.
Overflater:
Golv: Klikkvinyl i heile 2. etasje og i gangen i 1. etasje (montert i 2025). Golvbelegg på soveromma i 1. etasje og vaskerom. Flislagde golv på bad.
Veggar: Malte strier og glatte plateoverflater i stue, gang og trapp. Trefiberpanelplater på soveromma i 1. etasje og vaskerom. Fliser på bad og over kjøkkenbenk.
Himling: Himlingsplater i alle rom, med innfelte halogenspottar på bad.
Lagring:
Skyvedørsgarderobe med speildører og Elfa-innreiing i gang i 1. etasje. Utvendig sportsbod ved inngangspartiet på ca. 4 m² med støpt betonggolv, hylleinnreiing, innlagt straum, belysning og sentralstøvsugar. Kaldloft med ca. 20 m² gangbart sponplategolv til oppbevaring (takhøgde under 1,90 m). Lagringsgolv i takstol over disponert plass i felles carportanlegg.
Omsetning av brukt eigedom
Ein brukt eigedom vil som regel ikkje vere i same stand som om den var ny. Tekniske krav, type bustad, teknikk og skikkar endrar seg over tid. Bruksslitasje og ytre forhold kan gjere at tilstanden blir dårlegare etter kvart, sjølv om det ikkje er synleg. Kjøparar kan ha mindre forventningar til eldre bustader enn nye, og det kan vere skadar eller feil som ikkje er beskrive, men som seljar likevel ikkje kan haldast ansvarleg for. Normal bruksslitasje er ikkje ein mangel, og det er ikkje sikkert at det som opplevast som ein feil ved ein eigedom er ein mangel i rettsleg forstand. Det er difor viktig å setje seg grundig inn i tilstanden på den eigedomen ein vil kjøpe.
Hvitevarer
Det blir gjort merksam på at berre integrerte kvitevarer på kjøkkenet følgjer med ved overdraginga.
Desse blir leverte utan nokon form for garanti, utover eventuell gjenværande leverandørgaranti.
Adkomst
Sjå kart i salsoppgåva for beskriving av tilkomst. Det vert skilta med EiendomsMegler 1-skilt ved fellesvising.
Byggemåte
Informasjon er hentet fra vedlagte tilstandsrapport, datert 12.10.2026.
Bygning:
Rekkehus oppført i 2005 med gjennomgående normal standard med hensyn til alder. Bygningen er oppført med betonggrunnmur og støpt plate på grunn i 1. etasje, mens etasjeskilleren er av trebjelkelag. Ytterveggene er oppført i trekonstruksjon og kledd med liggende, malt, enkeltfalset trekledning, samt delvis dobbeltfalset kledning ved balkongene. Fasaden er malt i nyere tid, og det er observert musebånd under trekledningen. Byggegrunn og fundamentering ligger skjult under terreng og er ikke tilgjengelig for direkte inspeksjon.
Tak:
Taket har mønt takkonstruksjon av A-takstoler med sutaksplater av trefiber, og er tekket med betongtakstein. Kaldloftet har ca. 20 m² gangbart sponplategulv til oppbevaring (ikke måleverdig areal grunnet takhøyde under 1,90 meter), og bjelkelaget mot 2. etasje er isolert med ca. 30 cm mineralull med papir på oversiden. Takrenner og nedløp er av plast, ført til oppstikk ved terreng. Taket er utstyrt med snøfangere, stigetrinn til pipe, takhatt i plast, samt skorstein kledd med lakkerte metallbeslag og pipefotbeslag av bly. Taksteinen på pulttaket over utvendig bod ble rengjort i 2026.
Pipe/Ildsted:
Boligen har skorstein oppført i lettklinkerblokker, synlig på kaldloftet. I stuen er det montert en hvitlakkert vedovn i metall fra Jøtul. Det foreligger ikke produktdokumentasjon for ovnen, og eier opplyser at den ikke har vært i bruk siden ca. 2018–2019.
Vinduer:
Vinduene har karmer og rammer av malt tre med tolags isolerglass. De fleste vinduene har utenpåliggende sprosser, og vannbrett er utført i tre med metallbeslag.
Dører:
Hovedinngangsdøren er i malt tre med glassfelt, og det er biinngangsdør til vaskerommet (begge opplyst malt i 2026). Balkongdørene til terrasse og altan er i malt tre med tolags isolerglass, mens boddøren er plassbygd i treramme med trekledning. Innvendig er det formpressede fyllingsdører samt skyvedør mellom stue og kjøkken.
Trapper/adkomst:
Innvendig trapp er utført i hvitmalt treverk med gråmalte inntrinn, rekkverk og håndløper på begge sider.
Balkong/terrasse:
Boligen har en delvis overbygget altan mot vest på ca. 5,3 m² med utgang fra stue, samt en overbygget altan mot øst på ca. 3,2 m² med utgang fra kjøkken, begge i trekonstruksjon med malt terrassegulv og tett rekkverk. Ved soverommet i 1. etasje er det en markterrasse på ca. 27 m² med trebjelkelag, levegger på to sider, tett rekkverk og plassbygget port til gangvei. Inngangspartiet har støpt betongplate på mark på ca. 2,6 m², og ved utvendig bod er det en treplatting på ca. 4,5 m².
VVS-installasjoner:
Innvendige vannledninger er utført som rør-i-rør-system fra byggeåret 2005 med fordelerskap og stoppekran plassert på vaskerommet. Lekkasjesikring er montert på kjøkkenet. Innvendige avløpsrør er av PP-plast. Varmtvannsbereder fra 2005 på 198 liter (2 kW) er plassert på vaskerom med avrenning til sluk og tilkoblet via støpsel.
Ventilasjon:
Boligen har balansert ventilasjonsanlegg med aggregat og isolerte kanaler på kaldloftet. Det er avtrekk fra bad og vaskerom, og kjøkkenet har avtrekksventilator fra Røroshetta ført ut til det fri.
Tekniske detaljer:
Brannskille, brannslukkingsapparat og brannvarslere ble kontrollert og funnet i orden ved befaring.
Carport i felles garasjebygg: Carporten har et areal på ca. 15 m² med asfaltdekke, tresøyler, ringmur i betong i bakkant og bakvegg i bindingsverk med trekledning. Taket er oppført med A-takstoler, sutaksplater av trefiber, betongtakstein og lagringsgulv. Det er innlagt lys, strøm og opplegg for elbillader.
Det elektriske anlegget har hovedsakelig skjult forlegning og sikringsskap med automatsikringer, samt elektrisk gulvvarme i rommene i 1. etasje. Det foreligger samsvarserklæring fra opprinnelig installasjon, rapport fra elkontroll i 2011, samsvarserklæring for kjøkken fra 2018, samt dokumentasjon på utskiftede termostater og komfyrvaktsensor i 2026.
Alle bygningsdeler og installasjoner har begrenset levetid. Konstruksjonene er bygd etter lov og forskrift som tar utgangspunkt i byggeåret og vil normalt ikke tilfredsstille kravene i dag. Med hensyn til den tekniske standarden på bygningene vises det til vedlagte tilstandsrapport fra takstmann Trond Gjesdal datert 12.10.2026, der enkelte bygningselementer har oppnådd tilstandsgrad 3 (TG3) og tilstandsgrad 2 (TG2). Interessenter oppfordres til å sette seg grundig inn i disse punktene samt egenerklæringen som ligger ved salgsoppgaven før det legges inn bud på eiendommen. Megler gjør for øvrig oppmerksom på kjøpers undersøkelsesplikt med hjemmel i avhendingsloven.
Nedenfor gjengis en kort oppsummering der den bygningssakyndige har beskrevet avvik ved boligen som har fått tilstandsgrad 2 (TG 2) eller 3 (TG 3) OG TG IU (Ikke undersøkt).
TG3 - Store eller alvorlige avvik:
- 1. Etasje Vaskerom - Vanntett sjikt, membran og sluk | Våtromsvinyl med synlige sveiseskjøter på gulv er eldre enn 20 år og har derfor usikker fremtidig funksjon. Vegg ved vask på vaskerom er i forskrift definert som våtsone med krav om vanntett sjikt. Trefiberplater har ikke godkjenning som vanntett sjikt. Det er også mulighet for at vann kan renne ned langs platen og under gulvbelegg, da dette ligger utenpå platen som har profiler. Konsekvens/tiltak: Konsekvensen er at membranen /tettesjikt kan ha redusert funksjon og tetthet som følge av alder, noe som øker risikoen for fuktinntrengning og skjulte skader i konstruksjonen, samt behov for oppgradering eller rehabilitering av våtrommet. Det anbefales årlig visuell kontroll. Det anbefales tiltak på vegg slik at gjeldende krav til vanntetting oppfylles. Manglende vanntett sjikt medfører økt risiko for fuktskader på overflater og i verste fall lekkasje inn i bakenforliggende konstruksjon. Gulvbeleggets aldersvurdering bygger på alderskriteriet på 20 år for våtromsvinyl med synlige sveiseskjøter på gulv i NS 3600:2025+AC:2026 tabell C.2. Dette er et tillegg til det selvstendige vanntettingsavviket på veggen ved vasken.
Kostnadsestimat: 100 000 - 200 000
TG2 med avvik som kan kreve tiltak:
- Utvendig > Taktekking: Forekomst av mose på hovedtaket og sutaksplater med alder som overstiger standardens alderskriterium, noe som gir usikker fremtidig funksjon.
- Utvendig > Yttervegger/Veggkonstruksjon: Terrassen er på deler av veggen ført inn forbi luftespalten bak kledningen og reduserer luftingen.
- Utvendig > Andre utvendige forhold: Det er ikke utarbeidet tilstandsanalyserapport eller vedlikeholdsplan for fellesdeler i bygget.
- Våtrom > 1. Etasje Vaskerom - Dokumentasjon for våtrom: Det foreligger ikke dokumentert utførelse av vanntett sjikt.
- Våtrom > 1. Etasje Bad - Dokumentasjon for våtrom: Det foreligger ikke dokumentert utførelse av vanntett sjikt.
- Våtrom > 1. Etasje Bad - Overflater gulv: Gulvet ved servanten er tilnærmet flatt og oppfyller ikke fallkravet på 1:100 for lekkasjevann mot sluk, og lokalt fall i dusjsonen er svakere enn referansenivået.
- Våtrom > 1. Etasje Bad - Vanntett sjikt, membran og sluk: Smøremembran er eldre enn 15 år uten dokumentasjon, og det er ikke tilstrekkelig oppkant/høyde fra slukrist til topp vanntett sjikt mot dør og gjennomføringer.
- Tekniske installasjoner > Innvendige avløpsrør: Avløpsluftingen for boligen er ikke konstatert ført over tak.
- Tekniske installasjoner > Ventilasjon: Ventilasjonsanlegget har nådd en alder som tilsier TG2 etter alderskriteriet i NS 3600 og medfører usikker fremtidig funksjon.
- Tekniske installasjoner > Varmtvannsbereder/tank: Berederen er fra 2005 med begrenset gjenværende brukstid og er tilkoblet med støpsel i stikkontakt.
Helse, miljø og sikkerhet:
Rekkverket på altanen mot øst og vest er målt til ca. 91 cm og er lavere enn dagens krav på 1,0 meter. Rekkverket bør forhøyes eller på annen måte sikres for å redusere risikoen for fall.
Porten fra terrassen er trang og skraper mot underlaget ved lukking.
Det er ikke foretatt radonmålinger, og bygget er heller ikke utført med radonsperre.
Ildfast plate mangler på gulvet under sotluke/feieluke på pipe og øker risikoen for at glør eller sot kan antenne brennbart gulvmateriale. Dette kan medføre brannfare og fare for liv og helse.
Varmtvannsberederen på 2 kW er elektrisk tilkoblet med støpsel i stikkontakt.
Deler av informasjonen i dette avsnittet er hentet fra tilstandsrapporten. Opplistingen over er ikke uttømmende og du oppfordres til å lese og sette deg grundig inn i alt salgsmateriell. For ordens skyld nevner vi at TGIU står for tilstandsgrad ikke undersøkt, f.eks. fordi en del av bygget ikke har vært tilgjengelig for inspeksjon. Disse delene kan dermed ha feil eller mangler som ikke er avdekket.
Eiendomstype
Rekkehus
Oppvarming
Elektrisitet og vedfyring. Elektrisk golvvarme i romma i 1. etasje, inkludert bad og bod/vaskerom. Vedomn frå Jøtul i stova.
Dersom rom ikkje har vegg- eller fastmonterte varmekjelder ved vising, følgjer dette heller ikkje med.
Tilstandsrapporten beskriv den tekniske tilstanden til byggverket. Det er ikkje utført kontroll av dei elektriske installasjonane (el-takst) sjølv om bygningssakkunnig kan ha knytt kommentarar til el-anlegget ut frå heilt enkle vurderingskriterium.
Sidan el-anlegget ikkje er kontrollert, er det ikkje usannsynleg at det seinare kan bli avdekt avvik frå dagens forskriftskrav og oppstå funksjonssvikt. Vidare må kjøpar vere førebudd på at det kan måtte gjerast oppgraderingar på grunn av slitasje, manglande vedlikehald, arbeid som er utført av ufaglærte, alder eller tekniske løysingar som ikkje held dagens standard.
I Noreg er det ei av oppgåvene til «Det lokale eltilsynet» (DLE) å utføre tilsyn med elektriske anlegg i bustader og fritidsbustader. Alle bustader skal ha periodisk kontroll kvart 20. år, og hytter/fritidsbustader blir kontrollerte kvart 30. år. El-anlegget er ein bygningsdel som er gjenstand for konstant utvikling. Ein må difor rekne med at dagens anlegg ikkje nødvendigvis er dimensjonert for oppgradering av kjøkken med nye elektriske apparat eller rehabilitering av bad med varmekablar, samt installeringar for elbilladar.
Strømforbruk
Noverande eigar hadde eit straumforbruk på 22 127 kWt i 2025.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Det er ikkje bestilt Norgespris på straum for eigedomen.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Vei, vann og avløp
Vegen fram til tomtegrensa er offentleg. Vegane inne på eiga tomt blir vedlikehaldne gjennom sameiget. Vatn og avlaup til eigedomen er offentleg. Stikkleidning frå det offentlege nettet og inn til eigedomen blir vedlikehalden og reparert av sameiget.
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.
Budgivning
Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på hjem.no, finn.no, via eiendomsmegler1.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.
Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve. Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el- eller telenettet.
Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar. Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.
Kjøpar er utanlandsk statsborgar
Dersom ein kjøpar er utanlandsk statsborgar krevjast det at ein har D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Meklar rekvirerer dette samstundes som skøyte vert sendt inn til tinglysing hjå Kartverket. Skøytet vert så liggande hjå Kartverket fram til kjøpar har fått D-nummer av skatteetaten. Deretter vert skøytet tinglyst. Denne prosessen vil ofte medføre at oppgjer og utbetaling til seljar vert forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella enten ta atterhald i bod om forseinka utbetaling til seljar, eller vere budd på å dekke forseinkingsrenter. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før bodgjeving.
Overtakelse
Overtaking etter avtale. Legg inn ønskje om overtakingsdato ved bodgjeving.
Mellom aksept av bod og tidspunktet for overtaking er det ikkje høve til å synfare eigedomen. Vi tilrår difor interessentar til å naudsynte mål og liknande på visinga.
Boligselgerforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring hos Fremtind. Forsikringa dekkjer seljar sitt ansvar etter avhendingslova, med dei avgrensingane som følgjer av forsikringsvilkåra og er avgrensa til salssummen til eigedomen, men oppad avgrensa til kr. 14 000 000,-. Seljar har i den samanhengen utarbeidd ei eigenerklæring om eigedomen. Eigenerklæringa ligg vedlagt salsoppgåva og interessentar vert oppmoda til å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Bustadseljarforsikringa sørgjer for at kjøpar kan forhalde seg til ein profesjonell og søkegod motpart som handterer eventuelle reklamasjonar fagleg og ryddig. Dersom kjøpar ikkje har teikna bustadkjøparforsikring kan du kontakte meklar for å få kontaktinformasjon til bustadseljarforsikringa til seljar.
Av vilkåra går det fram unntak i forsikringsdekninga, til dømes ved nye forhold som oppstår mellom aksept og overtaking. Garantiar/lovnader der seljar har påteke seg ansvar for eigenskapar ved eigedomen eller dokumentasjon av slike, vert ikkje dekt. I nokre tilfelle er det heller ikkje dekning der seljar har opptrådt forsettleg eller grovt aktlaust. Forsikringa omfattar heller ikkje ein redusert bustadverdi som skuldast skadedyr/insekt, til dømes skjeggkre/perlekre/sølvkre, veggdyr, pelsbiller, maur, borebiller og tilsvarande. I samsvar med lov og rettspraksis må det reklamerast "innan rimeleg tid". Det vert tilrådd å reklamere umiddelbart/snarast mogleg og seinast innan 2 månader frå forholdet vart/burde vorte oppdaga.
Dersom kjøpar utbetrar mangelskrav på eiga hand, kan dette medføre at reklamasjonsretten vert tapt.
Boligkjøperforsikring
Vedlagt i salsoppgåva følgjer informasjon om Bustadkjøparforsikring Pluss og Bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Bustadkjøparforsikring er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det blir oppdaga uventa feil eller manglar ved bustaden dei neste fem åra. Bustadkjøparforsikring Pluss har same dekning som bustadkjøparforsikring + fullverdig advokathjelp på viktige rettsområde i privatlivet. Les meir om begge forsikringane i vedlagde materiell eller på help.no. Det blir gjort merksam på at meklarføretaket mottar kr 1 900 / 2 600 / 2 600,- (avhengig av bustadtype) i kostnadsgodtgjersle for kvar forsikringsavtale som blir formidla på Bustadkjøparforsikring Pluss og kr 2 900 ,- / 3 600,- / 3 600,- i kostnadsgodtgjersle for Bustadkjøparforsikring.
Forsikringsselskap
If
Avgiftsbeskrivelse
Dette inkluderer renovasjon, vatn- og avlaupsavgifter og feiing. Den totale årlege kostnaden vil variere etter eige forbruk.
Fastpris: 5 880,- inkludert mva frå 01.01.2026.
Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.
Eigedomen har vassmålar. Årsprognosen for 2026 er basert på eit forbruk på 118 m³. Ifølgje SSB er estimert gjennomsnittleg hushaldningsforbruk per person 65 m³.
I tillegg kjem eigedomsskatt på kr 4 339,- for 2026.
Moderniseringer og påkostninger
Følgjande moderniseringar er foretatt dei seinare år:
2026:
- Ytterdør og biinngangsdør til vaskerommet er måla
- Ny oppvaskmaskin og induksjonstopp på kjøkkenet
- Nye termostatar på bad og eitt soverom i 1. etasje, samt byte av sensor til komfyrvakt
2025:
- Nytt golv i gang og heile 2. etasje
- Måla enkelte veggar i gang og stove
2019:
- Nytt kjøkken (Huseby-innreiing)
2018:
- Arbeid på elektrisk anlegg på kjøkken
Vedlikeholdshistorikk sameiet:
Ukjent årstall:
- Infrastruktur for elbilladarar
Betalingsbetingelser
Kjøpesum og alle kostnader skal vere innbetalt til meklar sin klientkonto før overtaking. Det føresetjast at skøyte blir tinglyst på ny eigar. Dersom kjøpar ikkje ønskjer heimelsoverføring av eigedommen til seg, må det takast atterhald om dette i bodet.
Oppdragsansvarlig
Megler: Trond Bakke Eigedomsmeklar MNEF
Fasiliteter
- Balkong/Terrasse
- Garasje / P-plass
Adgang til utleie
Sameiget har ingen begrensingar i forhold til utleige. Styret må likevel varslast.
Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årlie ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.
Radon
Det er ikkje utført radonmåling og det er heller ikkje krav til dette, for meir informasjon vedrørande radon sjå
www.dsa.no. Kjøpar overtek frå overtakingsdagen ansvaret for eventuelle utbetringstiltak som seinare må setjast i gang og betalast.
Eigedomen ligg i eit område med moderat til låg førekomst av radongass.
Bygget er ikkje utført med radonsperre.
Sentrale lover
Eigedomen vert seld etter reglane i avhendingslova.
Salsoppgåva er basert på dei opplysningane seljar har gitt til bygningsakkyndig og meklar, samt opplysningar innhenta frå kommunen, Statens kartverk og andre tilgjengelege kjelder.
Eigedomen skal overleverast til kjøpar i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta, med dette salsoppgåve, tilstandsrapport og seljar si egenerklæring. Kjøpar vert sett på som kjent med forhold som er tydeleg beskrive i salsdokumenta. Forhold som er beskrive i salsdokumenta kan ikkje påberopast som manglar. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta. Alle interessentar vert oppmoda til å undersøkje eigedomen nøye, gjerne saman med fagkyndig før bod vert gjeve. Kjøpar som vel å kjøpe usett kan ikkje gjere gjeldande som mangel noko han burde blitt kjent med ved undersøkinga. Dersom det er behov for avklaringar, anbefalar vi at kjøpar rådfører seg med eigedomsmeklar eller ein bygningsakyndig før det vert lagt inn bod.
Dersom kjøpar ikkje er forbrukar seljast eigedomen «som den er», og seljar sitt ansvar er då avgrensa jf.§ 3-9 1. ledd 2. pkt. Informasjon om kjøpar si undersøkingsplikt, med dette oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld og for kjøparar som ikkje vert vurdert som forbrukarar.
På grunn av ulike avtalevilkår kan seljar vurdere bod frå ein som ikkje er forbrukar, ulikt frå ein forbrukar sitt bod. Dersom kjøpar ikkje er forbrukar, er seljar sitt mulege mangelsansvar avgrensa fordi eigedomen vert seld "som den er". Seljar kan ikkje ta «som den er» atterhald ovanfor ein forbrukarkjøpar. Sjølv eit lågare bod frå ein som ikkje er forbrukar kan foretrekkast fordi avgrensinga i muleg mangelsansvar kan ha eigenverdi for seljar. Seljar står fritt til å forkaste eller akseptere eitkvart bod, og pliktar til dømes ikkje å akseptere høgste bod.
Bodgjevarar får informasjon dersom andre bod er gjeve av ein som ikkje er forbrukar.
Forbrukarkjøp - definisjon:
Med forbrukarkjøp meinast kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.
Forbrukar - avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen, eller det ligg føre brot på bestemmingane i avhendingslova §§ 3-2 til 3-8. Dersom eigedomen ikkje er i samsvar med det kjøparen må kunne vente ut frå alder, type og synleg tilstand, kan det vere grunnlag for mangelskrav. Det same gjeld dersom det er halde tilbake eller gitt urette opplysningar om eigedomen. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det virka inn på avtalen at opplysningen ikkje vart gitt eller at feil urette opplysningar ikke blir retta i tide på ein tydeleg måte.
Ein bustad som har blitt brukt i ei viss tid, har vanlegvis blitt utsett for slitasje og skadar kan ha oppstått. Slik bruksslitasje må kjøpar rekne med, og det kan avdekkast enkelte forhold etter overtakinga som gjer det naudsynt med utbetringa utbedringar. Normal slitasje og skadar som gjer det naudsynt med utbetring, er innanfor kva kjøpar må vente og vil ikkje utgjere ein mangel.
Bustaden kan ha ein mangel etter avhendingslova § 3-3 dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk innvendig areal, forutsett at avviket er på 2 % eller meir og minimum 1 kvm.
Ved berekning av eit eventuelt prisavslag eller erstatning må kjøpar sjølv dekke tap/kostnader opptil eit beløp på kr 10 000 (eigendel).
Ikkje - forbrukar (næringsdrivande) – definisjon:
Dersom kjøpar er ein juridisk person, eller ein fysisk person som hovudsakeleg handlar som ledd i næringsverksemnd, vil kjøpet ikkje bli sett på som eit forbrukarkjøp.
Ikkje - forbrukar – avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen. Eigedomen vert seld «som den er», og seljar sitt ansvar utover det konkret avtalte er då avgrensa etter avhendingslova § 3-9, første ledd andre setning.
Avhendingslova § 3-3 andre ledd vert fråviken, og korvidt arealsvikt i bustaden utgjer ein mangel vert vurdert etter avhendingslova § 3-8.
Ein føresetnad for salet er at skøyet for eigedomen vert tinglyst på kjøpar. Interessentar og kjøpar må godta at seljar og meklar brukar elektronisk kommunikasjon i salsprosessen.
I trå med eigedomsmeklingsforskrifta vil informasjon om oppdragsgivar, salsobjektet, interessentar og kjøpar bli lagra av meklarføretaket i min. 10 år. Sjå em1.no for meir informasjon om handsaminga vår av personopplysningar.
Personopplysningsloven
Vi gjer interessentar og kjøparar merksame på at vi vil handsame, etter personopplysingslova, personopplysningane dine i den utstrekning dette er naudsynt for å oppfylle våre lovpålagte plikter, med dette for å kunne gjere kundekontroll etter kvitvaskingslova samt for å utføre oppgåver som vi er pålagt etter eigedomsmeklingslova.
Kommunalinfo
- Kommunale avgifter: kr 15 191
- Eiendomsskatt: kr 4 339
- Informasjon om eiendomsskatt: Eigedomsskatten utgjer 2,7 promille av eigedomsskattegrunnlaget på kr 1 607 200 i 2026.