Skudeløken trinn 1
Spanande dagar på Skudeløken, dei fyrste er flytta inn ! Flotte leilegheiter med fokus på gode kvalitetar.
Prisantydning
kr 2 000 000 – 11 800 000
Totalpris
kr 2 001 942 – 11 807 202
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Visning
Henter visninger...
Selge egen bolig?
Bestill en e-takst av boligen din, så vet du hva kan kjøpe for.
Beskrivelse
Skudeløken, 6800 Førde
Arbeidet på bygg A og AH er no i gang! Skudeløken ligg sentralt i Førde sentrum, like ved løken, med solrik plassering og kort gang- og sykkelveg til alt det sentrum har å by på! Du har framleis moglegheit til å sikre deg ei av dei flotte leilegheitene våre. Vi har noko for einkvar livsstil og smak, og du kan velgje frå dei tre bygga våre; A, AH og B. Her får du alt du treng for å leve eit godt og "sytalaust" liv i Førde sentrum. Alle leilegheitene i A-blokka og dei fleste i B-blokka har veranda både mot aust og mot vest. Verandaen som vender mot vest i A-blokka er innglassa, og kan fungere som ei forlenging av stova på sommarhalvåret. Her har du fritt utsyn mot vest, og kan nyte ettermiddagssola til langt på kveld. Mot aust kjem du til å nyte godt av utsikta mot vår stoltheit i prosjektet; eit byrom som ingen i Førde har, eller har hatt make til. Her vert ingenting overlete til tilfeldigheitene. På plassen blir det brusteinstorg, tuntre, renner og vassbed, leikeplass og gode uterom for avslapping eller sosialt samvær. Med gode næringsareal i 1.etasje vil her kanskje etterkvart kome "nysteikt brød på hjørnet". I umiddelbar nærleik er Førdes nye bypark som er blitt særs attraktiv på kort tid. Med den nye gang- og sykkeltunnelen mot Hornnes, båthamna, ny gangveg langs Løken og mellom Skudeløken og den nye vidaregåande skulen i Førde, har du dei flottaste turmoglegeheitene rett utanfor døra, uanset kva retning du vel! Til barnehage, skular, butikkar, kafear, busstasjonen og alle andre viktige sentrumsfunksjonar er det ein kort rusletur langs Løken, på flate fine gangvegar. Vi veit at det kan vere krevande å gå frå einebustad til leilegheit, med alt av ting som samlar seg gjennom eit heilt liv. Difor har du som kjøpar i Skudeløken moglegeheit for å tilpasse bodareal etter ditt behov. Fleire bilar? Fortvil ikkje. Vi får Førdes største garasjekjellar, og kan derfor tilby fleire garasjeplassar. Om du får besøk og plassen vert trong, er det tilgang til kortidsleige av gjesterom og små leilegheiter. Gå til www.skudeloken.no, eller ta direkte kontakt med meklar for meir informasjon.
Kart
Mer informasjon om eiendommen
Nærområdet
Meanderkvartalet er det første byggetrinnet på Skudeløken. Namnet kjem frå Løken, som for lenge sidan var ein av Jølstra sine meandersvingar. På Skudeløken ligg Løken og naturen inn til tunet. Vi har laga plass til grøntareal med tuntre, vassbed og renner for naturleg vekkleiing av overflatevatn, og vi har også fått på plass det urbane med brusteinstorg framfor eit serveringslokale som vil bli eit sosialt møtepunkt. Her kan du bu både grønt og sentrumsnært.
Reguleringsplan
Regulert for bustad, næring og tenesteyting. Sjå vedlagde reguleringsplan i salsoppgåva.
Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 21
- Bruksnummer: 1031
- Kommunenummer: 4647 - Sunnfjord
Organisasjonsform
Prosjektet blir bygd som eitt felles eigarseksjonssameige med fellesareal. Første byggetrinn består av 72 bustadseksjonar og 5 næringsseksjonar som er fordelt på fem bygningar. Ein av næringsseksjonane er eit leilegheitshotell, og ein er avsatt til matservering/bakeri el. Bustadsameiget skal vere uavhengig av næringsseksjonane, som skal eigast av eigne eigedomsselskap. Bygg A: 13 bustadseksjonar, næringsseksjonar og leilegheitshotell. Bygg B: 18 bustadseksjonar og ein næringsseksjon. Bygg AH: 15 bustadseksjonar og næringsseksjonar. Det blir likevel teke atterhald om evt. omprosjekteringar som kan medføre endring i antal bueiningar som vil inngå i sameiget. Garasjeanlegget i underetasjen blir ein eigen anleggseigedom, som blir seksjonert i næringsseksjonar.
Informasjon borettslag / sameie
Vedtekter / Husordensregler:
Det er fastsett vedtekter
Parkering
Parkeringsanlegget vil vere eit samanhengande anlegg med innkøyring under bygg B. Alle leilegheitene har mogelegheit til å kjøpe parkeringsplassar, og her vil ein ha mogelegheit til å kunne velgje seg parkeringsplass i kort avstand frå leilegheita ein vel å kjøpe. Sjå eiga prisliste i salsoppgåve. Om du ikkje vil - eller har moglegheit til å kjøpe deg ein fast parkeringsplass på same tidspunktet som kjøp av leilegheit, kan du leige denne plassen i inntil fem år (pris for leige er ikkje endeleg avgjort p.t.) Du vil då ha fortrinnsrett til å kjøpe denne plassen for tilsvarande pris som den låg ute for, på det tidspunktet du starta leigeperioden. I første byggetrinn blir det 116 parkeringsplassar som er til sals eller leige for bebuarar, gjestar, næringsliv og kundar. Det blir jobba med å lage digitale løysingar for å handtere betaling for gjeste- og kundeparkering. Ni parkeringsplassar blir HC-plassar. Alle parkeringsplassane blir laga slik at det er mogleg å etablere ladekontakt for lading av elbil. Garasjeanlegget blir stengt med port i tidsrom styrt av sameiget sine vedtekter. Alle bebuarar vil få tilgang til å opne porten manuelt eller med fjernstyring (telefon, kode, brikke).
Eiendom
Tomteareal er 0 m2 på eiet tomt.
Eigedomen skal delast frå gbnr. 21/44. Det skal totalt delast frå fire gbnr. frå denne eigedomen.
Tre av dei blir separate bustadsameige, og éin vert underliggande anleggseigedom som i all hovudsak vil bestå av biloppstillingsplassar, heisrom, boder, tekniske rom og køyrebaner. Denne anleggseigedomen blir eit felles garasjeanlegg for alle dei tre sameiga, som bygga skal etablerast oppå.
Herifrå er det første byggetrinn, Meanderkvartalet med tomt, som blir omtala:
Gjeldande eigedom sitt grunnareal etter frådeling blir om lag 7784 m2. Det gjerast oppmerksom på at oppgitt tomteareal er omtrentleg, og at tomta både kan bli større og mindre enn oppgitt etter frådeling.
Det er laga landskapsplan som syner korleis utearealet er tenkt disponert.
Alle tomtene skal opparbeidast etter dei krav som framgår av reguleringsbestemmelsane. Tomta disponerast av seksjonseigarane ihh. til seksjonsbegjæring/sameigevedtekter.
Byggemåte
Bygningane blir utført med beresystem i betong og stål, parkeringskjellar i betong. Balkongar blir utført med dekke av betong og beresystem med søyler og bjelkar av stål. Fasadeveggane blir i hovudsak utført med isolert bindingsverk. Enkelte fasadeveggar i første etasje blir utført i betong som er isolert inn- og/eller utvendig. Fasadekledning er ei blanding av treverk, fasadeplater og ev. andre vedlikehaldsvenlege materiale. Innvendige veggar er av gips og/eller betong. Det vil normalt oppstå små riss ved materialovergangar mellom tak og vegg eller vegg og vegg på grunn av akklimatisering av material. Sprekker på over 0,2 mm blir utbetra på eittårssynfaring.
Oppvarming
Alle leilegheitene vil få lun og behageleg vassboren golvvarme i stove, kjøkken, gang og våtrom. Det er mogeleg å få vassboren varme i soverom som tilval. Varmtvatn og oppvarming vert levert med fjernvarme frå BKK Varme (tidelegare Førdefjorden Energi). Det vert montert målarar for kvar leilegheit for energimåling av varmtvatn og oppvarming. Det vert levert balansert ventilasjon med varmegjenvinning, og med eige aggregat for alle leilegheitene.
Vei, vann og avløp
Kommunale avgifter, sett bort frå renovasjonsavgift, inngår ikkje som del av fellesutgiftene. Kommunale avgifter for vatn og avlaup blir fakturert kvar enkelt seksjon. Vatn og avlaup er sett saman av abonnements- + forbruksgebyr. Årleg abonnementsgebyr for 2021 Vatn pr år kr: 1 610,- Kloakk pr år kr: 1 963,- Forbruksgebyret blir rekna ut slik: BRA x 1,2 = m3. m3 blir så multiplisert med m3 pris som følgjer under: Vatn kr. 11,19 pr. m3 Avlaup kr. 20,58 pr. m3.
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar. Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Forsikringsselskap
Bygg- og eigedom vil vere forsikra av seljar fram til overtaking. Deretter må sameiga teikne fullverdiforsikring. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.
Videresalg av kontraktsposisjon
Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling. Ved videresal av kontraktsposisjon og herved skifte av kontraktspartnar vil det komme til eit gebyr til utbyggar stort kr. 85.000,-
Finansiering
Ved
Særlige forbehold
Det er tatt atterhald om: - At utbyggingsavtalen blir godkjent. - Mogelege avvik mellom byggspesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggspesifikasjon som er retningsgjevande. - At det for seljar blir innvilga tilfredsstillande byggelånsfinansiering, og herunder opning av byggelån. - Avvik mellom salsoppgåve/nettstad og leveransesskildring. Det er den endelege leveranseskildringa i kontrakten som gjeld. - At leilegheitene blir overlevert i byggereingjort stand. Kjøpar må rekne med utvask før innflytting. - Myndigheitene si sakshandsamingstid og eventuell justering av framdrift for overtaking/innflytting, overføring av heimel, med vidare, som følge av dette. - Retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema på www.skudeloken.no. - Rett til endringar av alle opplysningar gitt i salsoppgåva, dersom det er hensiktsmessig eller naudsynt, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at seljar har rett til å gjere slike endringar. Døme på slike endringar kan vere innkassing av søyler/tekniske anlegg, samt mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande. - At det blir gjeve ramme- og igangsettingsløyve for gjennomføringa av prosjektet. - At seljar står fritt til å endre leilegheitsnummer i prosjekteringsprosessen. Seljar tek og atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane. - At sal av kontraktsposisjon berre er tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og vilkår i kontrakten elles berre halde seg til kjøpar. - Feil eller endringar i prislista. Utbyggar kan utan varsel justere prisar og vilkår i den vedlagde prislista på uselde einingar. - At eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema, som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema. - Retten til å gjere kredittvurdering av kjøpar. Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram gyldig legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank, eventuelt ved bruk av BankID. - Mogelege trykkfeil i leveranseskildring og salsoppgåve/nettstad. Vi gjer også merksam på at bilete og teikningar/3D i salsoppgåva er illustrasjonar, og at avvik kan førekomme. - At det normalt vil oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av variasjon i inneklima. Det blir påpeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard. - At kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden. - At kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget, høgde, samt at det kan bli gjort endringar som følge av pålegg i samband med byggeløyvet, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde, så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi. - At dersom kjøpar unnlater å møte til synfaring og overtaking utan gyldig grunn, kan seljar halde denne aleine. Kjøpar har ikkje rett til å nekte overtaking ved å ikkje møte opp på overtakingsforretning. - At kjøpar er kjend med at det vil føregå byggeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar. Presiseringar/atterhald Prosjektet er per i dag ikkje detaljprosjektert. Alle opplysningar om leilegheitene og prosjektet er derfor gitt med atterhald om rett til endringar som er føremålstenlege og/eller nødvendige i detaljprosjekteringa. Det kan førekomme avvik mellom leveranseskildring og planteikningar. I slike tilfelle er det denne skildringa og romskjema som er gjeldande. Illustrasjonar i salsoppgåve og salsteikningar er ikkje nødvendigvis i samsvar med leveranse, til dømes møblering, fargeval, dør- og vindaugsform, tal vindauge på gavlvegg, bygningsdetaljar, fasadedetaljar, detaljar på fellesareal, materialval i fasade, plantar, og liknande. Slike illustrasjonar er ikkje del av kjøpekontrakten og kan ikkje bruakst som grunnlag for krav mot utbyggar. Plassering av teknisk utstyr i kjøkken er ikkje endeleg bestemt og vil kunne avvike frå det som er vist på teikningane. Endring av plassering av utstyr på bad kan skje. Endeleg utforming av tekniske sjakter vil skje i detaljprosjekteringa. Det kan derfor skje endring av plassering, lengde og/eller breidde på desse. Vidare kan vindaugs- og terrasse/ balkongutforming og plassering for kvar enkelt leilegheit avvike noko frå dei generelle planane som følge av mellom anna den arkitetkontiske utforminga av bygga og omgjevnadane. Sjå elles atterhald under «Lovpålagde opplysningar»
Avbestilling
Avbestillingskostnader Ved avbestilling gjeld bustadoppføringslova §§ 52 og 53. Kjøpar kan i samsvar med bustadoppføringslova (bufl) kapittel IV, avbestille bustaden/leilegheita inntil overtaking har funne stad. Ved avbestilling fram til oppstart betong i den bygningen ein har kjøpt bueining i betaler kjøpar etter bustadoppføringslova §54 eit avbestillingsgebyr på 5% av kjøpesummen, i staden for erstatning etter §§ 52 eller 53. Bestilte endrings- og tilleggsarbeid skal betalast i si heilheit. Dersom kjøpar avbestiller etter oppstart betong vert seljar sitt krav på vederlag og erstatning fastsett etter reglane i bustadoppføringslova §§ 52 og 53.
Kjøkken
Kjøkkenet vert levert frå XL- Bygg AS på Halbrendsøyra. Kjøkkenet er frå Sigdal og standardmodellen i leveransen er Vidde som har slette frontar. Standardleveransen er Melamin der ein kan velje mellom 4 fargar, Kvit Snø, Korn (S2005-G20R), Lys grå (S-2500) og Granitt grå (S-7500). Standard benkeplate er av laminat med avruda forkant. Benkeplata blir levert med nedfelt toppmontert stålkum og eittgreps blandebatteri. Det blir levert følgjande integrerte kvitevarer frå Siemens: Oppvaskemaskin, komfyrtopp 60 cm, omn, kjøleskåp/frysar samt avtrekkeshette frå Røros . Detaljerte kjøkkenteikningar får ein ved å kontakte meklar. Det blir tatt atterhald om eventuelle endringar etter detaljprosjektering av leilegheitene. Kjøkken får fem innfelte LED-spottar i himlinga. Leilegheiter med benevninga AH vil få ei anna kvitevareløysing tilpassa mindre leilegheiter.
Bad
Bad blir levert med servantskap på minimum 60 cm og spegel. Opptil 120 cm servantskap der plassen tillet det. Merke og modell blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, men vil vere frå kjende leverandørar som til dømes Svedbergs eller Foss. Dusjarmatur vert montert på vegg. Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel vert som vist på salsteikningar. Alt sanitærutstyr, som servantbatteri, kjøkkenkran, dusjgarnityr, dusjhovud blir levert i god kvalitet. Merke blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, døme kan vere leverandørar som FM Mattsson eller Hansgrohe.
Fasader
Fasadeveggane blir i hovudsak utført med isolert bindingsverk. Enkelte fasadeveggar i første etasje blir utført i betong som er isolert inn- og/eller utvendig. Fasadekledning er ei blanding av treverk, fasadeplater og ev. andre vedlikehaldsvenlege materiale.
Dører
Vindauge blir leverte med energiglas med U-verdi maksimalt 1,0 W/m2K. Frå 2. etasje og ned har vindauga FG-godkjent lås. Det blir levert vindauge med støydempingsløysing for å sikre tilfredsstillande innandørs støyverdiar i rom opphaldsrom der dette er relevant.
Elektrisk anlegg
Elektrisk anlegg blir installert etter offentlege forskriftskrav NEK 400, som mellom anna set krav om komfyrvakt og jording av alle kontaktpunkt. Det blir berre nytta automatsikringar. Anlegget vil i hovudsak vere skjult, men ved spesielle tilfelle, som på betongvegg og lydvegg, kan det bli noko opent anlegg. Talet på elektriske punkt er etter NEK 400. Plassering blir vist i eiga elektroteikning som blir utlevert i tilvalsprosessen.
Brannsikring
Meanderkvartalet skal ha sentralt brannalarmanlegg med detektorar i kvar leilegheit. Sprinklaranlegg blir utført etter forskrift.
Tilvalgsmuligheter
Ved tilval og endringsarbeid vil kjøpar bli kalla inn til endringsmøte av utbyggar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveranseskildringa. For endring av standard/leveranse blir det skrive ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar, og det vil då tilkome ein administrasjonskostnad på 10% av endringa. Oppgjer for evt. endringsarbeid skal skje gjennom meklar.
Betalingsbetingelser
10 % av kjøpesummen ved oppstart bygg over garasje. 30 % av kjøpesummen ved tett bygg. 60 %, i tillegg til omkostningar og eventuelle avtalte tilval/tilleggstingingar ved overtaking (sluttinnbetaling).
Ferdigstillelse
Bygg A ( A og AH ) er forventa ferdigstilt andre kvartal 2025. Bygg B er forventa ferdigstilt årskifte 25/26 . Forventa ferdigstilling er 18-20 måneder etter oppstart byggearbeider på aktuell blokk, men dette tidspunktet er førebels og ikke bindande, og utløyser ikkje dagmulkt. Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakelsesperioden begynner og slutter. Seinast 10 veker før ferdigstillelse av bustaden skal seljar gje kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakelsesdato. Den endelege datoen er bindande og dagmulktsutløysende, og skal ligge innanfor overtakelsesperioden. Seljar kan krevje overtaking inntil fire månader før den avtala fristen til å ha bustaden klar til overtaking. Seljar skal skriftleg varsle om dette minimum to månader før den nye overtakingstidspunktet. Det eksakte overtakingstidspunktet skal gjevast med minst 14 dagars skriftleg varsel. Det bereknast dagmulkt ut frå det nye overtakingstidspunktet. Ved overtaking skal det ligge føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhusareal grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest blir gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta på mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest blir gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking. Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Adgang til utleie
Korttidsutleige av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn er ikkje tillate. Med korttidsutleige meiner ein utleige i inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene og kan i så fall settast til mellom 60 og 120 døgn med to tredjedels fleirtalsvedtak på eit årsmøte
Sentrale lover
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Annen informasjon
Annet: Gode møtepunkt og fellesareal er viktig. Like viktig er det å ha plass for seg sjølv. Vi har derfor jobba hardt for å skape gode solrike og lyse private uterom til alle leilegheitene.
På indre Øyrane skal det vekse fram ein ny bydel dei neste åra. Vi har stor tru på at området vil bli eitt av dei mest populære bustadområda i Førde. Her har du alt! Området er solrikt, sentrumsnært og omgitt av fine turvegar med båthamna og fjorden like ved.
Skudeløken blir ein stor del av den nye bydelen og vi vil ta ansvar for å skape ein plass der det er godt å leve. Arkitektur, standard og utemiljø skal derfor ha god kvalitet. Vi er også med på å bygge ein folkepark midt på indre Øyrane. Parken skal vere eit samanhengande aktivitetsområde som skal fungere som leike-, møte- og opphaldsplass for alle aldergrupper. Ballspel, idrett, og leik for både større og mindre born er stikkord i planarbeidet. Heile parken vert knytt saman med stiar og trakk.
Vi trur bumiljø fungerer best om det finst ei god blanding av menneske som blir buande over tid. Derfor har vi lagt vekt på gode planløysingar, og leilegheiter som kan passe for alle livsfasar. På Skudeløken skal du kunne bu heile livet, enten du bur åleine, har små barn, eller vil nyte livet utan ansvar for ein stor einebustad.
Kjøpe og selge - steg for steg
Skal du både kjøpe og selge bolig? Sammen med SpareBank 1 hjelper vi deg gjennom alle stegene – hele veien inn i ditt nye hjem.