Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 60
- Bruksnummer: 192
- Seksjonsnummer: 13
- Kommunenummer: 4647 - Sunnfjord
- Borettslag / Sameie navn: Bruland Sameige
- Borettslag / Sameie organisasjonsnummer: 987971819
Informasjon borettslag / sameie
Regnskap / Budsjett:
Interessentar vert anbefalt å sette seg inn i rekneskapen og budsjettet til sameiget.
Årsrekneskapen for 2024 viste eit driftsresultat på kr -334 768,- og eit årsresultat på kr -334 476,- (mot eit overskot på kr 228 013,- i 2023). Driftsinntektene i 2024 var kr 744 985,- og driftskostnadene kr 1 079 753,-.
Eigenkapitalen pr. 31.12.2024 var negativ med kr -47 851,- som følgje av at eit omtvista tilbakebetalingskrav frå ein seksjonseigar på kr 451 969,- vart avsett som usikker forplikting under kortsiktig gjeld. Omløpsmidlane pr. 31.12.2024 utgjorde kr 500 294,- (herav bankinnskot kr 356 811,-, kundefordringar kr 83 061,- og andre kortsiktige fordringar kr 60 421,-), og samla kortsiktig gjeld var kr 548 145,-.
Årsrekneskapen for 2025 vart godkjend på ordinært årsmøte 29.05.2026 med merknad frå seksjon 24 til note 7 vedrørande kostnadsfordeling. Endeleg budsjett for 2026 vart utsett i påvente av avklaring av HMS og tilbakebetalingskravet.
Vedtekter / Husordensregler:
Det ligg føre vedtekter for sameiget, sist daterte 15.06.2022.
Dyrehold:
Årsmøtet kan med vanleg fleirtal fastsette husordensreglar. Sjølv om det vert fastsett forbod mot dyrehald, kan brukar av seksjonen halde dyr dersom gode grunnar talar for det, og dyrehald ikkje er til ulempe for dei andre brukarane av eigedomen.
Beboernes forpliktelser:
Eigar pliktar å setje seg inn i vedtektene til sameiget og eventuelle husordensreglar. Kopi av desse ligger hos meklar. Eigarane av seksjon nr. 9, 10, 11, 12, 13 og 14 har ein mellombels einerett til bruk av grøntareal på sørsida av bygningen, og skal så lenge denne gjeld syte for vedlikehaldet i fellesskap. Årsmøtet har også vedteke positiv innstilling til opparbeiding av leikeplass på dugnad.
Styregodkjennelse:
Kjøpar skal godkjennast av styret i sameiget. Styret kan berre nekte godkjenning dersom det ligg føre sakleg grunn, jf. §24, 3 i eigarseksjonslova. Kjøpar pliktar å gjennomføre handelen uavhengig av om kjøpar på overtakingstidspunktet er godkjent av styret i sameiget. Risikoen for å bli godkjent av styret kviler på kjøpar. Kjøpar har ikkje rett til å ta eigedomen i bruk før slik godkjenning er gjeve. Dersom kjøpar ikkje blir godkjent av styret og det er sakleg grunn må kjøpar syte for vidaresal av seksjonen. Heimelen vert overført til kjøpar og oppgjer vert utbetalt til seljar.
Forkjøpsrett:
Det er ingen forkjøpsrett på eigedomen.
Felleskostnader
kr 2 127 pr. mnd.
Felleskostnader inkluderer
Månadlege fellesutgifter er kr 2 127,-.
Felleskostnadene inkluderer byggforsikring, styrehonorar, forretningsførsel, revisjonshonorar, heiskostnader, div. kommunalt gebyr, straum i fellesareal, festeavgift, reingjering og andre driftskostnader.
Rentenivå, eventuelt nye låneopptak, endra nedbetalingsplan og årsmøtevedtak kan påvirke storleiken på felleskostnadene.
Fellesutgiftene er spesifiserte slik:
Heiskostnader: kr 98,-
Div.: kr 229,-
Straum: kr 66,-
Festeavgift: kr 502,-
Forsikring: kr 460,-
Reingjering: kr 82,-
Andre driftskostnader: kr 690,-
I tillegg betalar eigar årleg leige for garasjeplassen. For 2025 vart kostnaden kr 3 900,- for heile året. Seksjonseigarane blir fakturert etter driftskostnadane på garasjen. Kostnadane blir fordelt på seksjonane og vil kunne variere mellom åra.
Forsikringspolise
2252206
Areal
BRA: 117 m
2BRA-i: 114 m
2BRA-e: 3 m
2TBA: 37 m
2Arealene er oppgitt av bygningssakkyndig på grunnlag av NS3940(2023). Internt bruksareal (BRA-i) er areal innenfor boligens omsluttende vegger. Det er for eksempel stue, soverom, kjøkken, entré, bad, loftsrom, innvendig bod og ganger mellom disse. Dersom boligen består av en bruksenhet med flere selvstendige boenheter, skal de selvstendige boenhetene kategoriseres som BRA-i. Et eksempel på dette kan være en enebolig med adskilt utleieenhet. Eksternt bruksareal (BRA-e) er for eksempel en ekstern bod, kjellerstue med egen inngang, gjesterom, tilleggsbygg eller andre rom som tilhører boenheten, men som ikke er direkte tilknyttet det interne arealet. Tilleggsbygg kan være for eksempel garasje, naust eller utvendig bod. Innglasset balkong (BRA-b) er innglassede balkonger, verandaer og altaner som disponeres av boenheten. Terrasse- og balkongareal (TBA) er arealet av terrasser, altaner, verandaer og åpne balkonger som er tilknyttet boenheten. Leilighetens gulvareal (GUA) er boligens samlede gulvareal og areal med lav takhøyde ALH er areal uten krav til minste himlingshøyde.
Nye regler for arealmåling gjelder fra 1.1.2024. Les mer om
reglene.Etasje
3
Parkering
Leilegheita disponerer garasjeplass med elbilladar. I tillegg har sameiget felles gjesteparkering.
Eiendom
Tomteareal er 3 273 m2 på festet tomt.
Sameiget har ei festa tomt på 3 273,4 m². Tomta er opparbeidd med asfalterte område, gangareal med belegningsstein og grøntareal. Sameiget si tomt er fellesareal, dersom det ikkje er gjort nærare avtalar om bruk av tomta i vedtekter og seksjoneringsdokument. Eigarane av seksjon nr. 9, 10, 11, 12, 13 og 14 har ein mellombels einerett til bruk av grøntareal på sørsida av bygningen, og skal så lenge denne gjeld syte for felles vedlikehald.
Byggeår
2004
Innhold
Leilegheita går over to plan med følgjande innhald:
2. etasje: entré, gang, bad, vaskerom og 3 soverom. Eit av soveromma har utgang til overbygt altan.
1. etasje: bod og stove/kjøkken med utgang til dels overbygt terrasse.
Terrassen er omlag 30 m² og altanen omlag 7 m².
I tillegg disponerer bustaden bod på 3 m² i fellesarealet og parkeringsplass med elbilladar i garasjen.
Dei oppgitte romma er definerte av bygningssakkyndig i samsvar med vedlagd rapport, basert på dagens faktiske bruk, uavhengig av kva som er godkjent av bygningsstyresmaktene.
Standard
Stor og innhaldsrik leilegheit over to plan frå 2004, med ei gjennomtenkt og funksjonell rominndeling. Hovudinngangen ligg i 2. etasje, der ein finn tre soverom, bad, vaskerom og utgang til ein overbygd altan. Ei innvendig trapp fører ned til 1. etasje, som er innreidd med ei open stove- og kjøkkenløysing, innvendig bod og direkte utgang til ein romsleg og dels overbygd terrasse. Bustaden vert varma opp med luft-til-luft-varmepumpe, vedomn, panelomnar og golvvarme på badet.
Entré og gang:
Entréen tek imot med laminat på golvet og måla trefiberplater med panelmønster på veggane. Her er det montert ein praktisk skyvedørsgarderobe med speilfrontar som gjev god plass til yttertøy og sko. Ytterdøra i treverk har integrert glasfelt. Gangen knyter saman romma i 2. etasje og leier vidare til soveromma, badet, vaskerommet og trappa ned til 1. etasje.
Stove:
Stova ligg i 1. etasje i open løysing med kjøkkenet, med laminatgolv frå 2023 og måla trefiberplater på veggane. Rommet har god plass til både sofagruppe og spisebord. For oppvarming er stova utstyrt med ein vedomn frå 2013 og ei luft-til-luft-varmepumpe montert under vindauget. Frå stova er det direkte utgang til terrassen via terrassedør med tolags glas og sprosser. Trappa med lakkerte tretrinn og måla rekkverk bind etasjane saman.
Kjøkken:
Kjøkkenet har innreiing frå 2016 med glatte frontar og laminatbenkeplate med nedfelt vask. Arbeidssonen er utstyrt med integrert steikeomn, koketopp og frittståande oppvaskmaskin, medan kjøleskapet er plassert i den tilstøytande innvendige boda. Ventilatoren over koketoppen vart oppgradert i 2023 og har avtrekk ut via mekanisk avtrekksvifte på kaldtloftet. Rommet fekk nytt laminatgolv i 2023.
Bad:
Badet i 2. etasje har flislagde veggar og flislagt golv med varmekablar. Rommet er innreidd med ei kvit baderomsinnreiing med nedfelt servant og eit speilskap med overliggande belysning, fornya i 2016. Vidare er badet utstyrt med toalett som har frittståande Geberit-sisterne, dusjkabinett med tett terskel, samt mekanisk avtrekksventilasjon og måla platehimling.
Vaskerom:
Vaskerommet i 2. etasje er innreidd med flislagt golv, måla trefiberplater på veggane og måla slett platehimling. Rommet er utstyrt med utslagsvask i stål, opplegg for vaskemaskin, eit teknisk rørskap og ein varmtvassberedar på ca. 115 liter med 2000 W effekt. Ventilasjonen er ivareteken med mekanisk avtrekk.
Tre soverom:
Bustaden har tre soverom samla i 2. etasje, alle med laminat på golvet og måla trefiberplater med panelmønster på veggane. Hovudsoverommet har god plass til dobbeltseng og nattbord, og to av soveromma er utstyrte med skyvedørsgarderobar. Frå eitt av soveromma er det direkte utgang til den overbygde altanen via altandør med tolags glas og sprosser.
Terrasse:
Frå stova er det utgang til ein stor terrasse på omlag 30 m², oppført i trebjelkelag med overliggjande terrassebord. Uteplassen har god plass til sitjegrupper og grill. I 2020 vart det montert ein eigen utvendig kurs med brytar for tilkopling av boblebad. Boblebadet følgjer ikkje med i handelen.
Altan:
I 2. etasje er det ein overbygd altan på 7 m² med tre-rekkverk, terrassegolv og veggar kledde med liggande panel. Altanen har tilkomst via altandør frå soverommet og gjev ein lun uteplass under tak.
Overflater:
Golv: Laminat i entré, gang, alle soverom, stove/kjøkken og bod. Flislagde golv på bad og vaskerom.
Veggar: Måla trefiberplater med panelmønster i innvendige rom. Flislagde veggar på bad og måla trefiberplater på vaskerom.
Himling: Glatte måla plater eller måla Tak-ess.
Lagring:
Innvendig bod i 1. etasje. Skyvedørsgarderobar montert i entréen og ved to av soveromma. Ekstern bod på ca. 3 m² i fellesarealet (tinglyst tilleggsdel til seksjonen).
For beskriving av tilstandsgrad (TG) 2 og 3, sjå punktet Byggemåte i salsoppgåva.
Delar av informasjonen i dette avsnittet er henta frå tilstandsrapporten. For ordens skuld nemner vi at TGIU står for «tilstandsgrad ikkje undersøkt», til dømes fordi ein del av bygget ikkje har vore tilgjengeleg for inspeksjon. Desse delane kan dermed ha feil eller manglar som ikkje er avdekka.
I tilstandsrapporten kjem det fram meir og utfyllande informasjon om tilstanden til bustaden, og det er viktig å setje seg grundig inn i tilstandsrapport og anna salsinformasjon før kjøp.
Hvitevarer
Det vert gjort merksam på at kun er kvitevarer på kjøkkenet og kjølseskåpet i boda som følgjer med ved overdraginga.
Desse vert levert utan nokon form for garantiar, ut over eventuell gjenverande leverandørgaranti.
Adkomst
For veibeskrivelse henvises det til vedlagte kart i salgsoppgaven. Det vil bli skiltet med EiendomsMegler 1-skilt ved fellesvisning.
Byggemåte
Informasjon er hentet fra vedlagte tilstandsrapport, datert 26.10.2026.
Bygning:
Kombibygg med næring- og bustadseksjonar oppført i 2004. Ytterveggane er oppført i bindingsverk kledd med liggende, dobbelfalset trekledning. Etasjeskillet mellom 1. og 2. etasje er oppført i trebjelkelag, mens etasjeskillet mellom garasjeanlegget og 1. etasje består av betongdekke. Byggegrunnen ligger i et rasfarlig/skredutsatt område i henhold til kommunedelsplan og NVE (løsne- og utløpsområde for kvikkleire).
Tak:
Saltakskonstruksjon med utbygde arker og W-takstoler i tre, tekket med betongtakstein. Kaldtloftet har isolert bjelkelag med papirkledd isolasjon og undertak av sutaksplater, samt gips montert i undertaket mot naboleiligheter som del av brannskille. Loftsluke i tre med nedfelt stige. Takrenner og nedløp er i stål. Pipe og luftehatt for ventilasjon er kledd inn med beslag, og overgang mot taktekking er utført med bly. Det er montert snøfangere og takstige.
Pipe/Ildsted:
Pipen er oppført i lettklinkerblokker og tilknyttet en vedovn fra 2013 (ifølge tidligere salgsannonse). Det er montert glassplate foran ovnen.
Vinduer:
Vinduer i treverk med tolags glass og gjennomgående sprosser.
Dører:
Ytterdør inn til leiligheten er av treverk med glassfelt, mens innvendige dører er malte fyllingsdører. Terrassedøren og altandøren er i treverk med tolags glass og gjennomgående sprosser.
Trapper/adkomst:
Innvendig trapp mellom 1. og 2. etasje har tette opptrinn, lakkert treverk i trinn og opptrinn, samt malt rekkverk.
Balkong/terrasse:
Altan i 2. etasje har overbygg, bærende trebjelkelag, terrassegulv, trerekkverk og vegger kledd med liggende panel. Markterrasse er oppført med trebjelkelag og overliggende terrassebord.
VVS-installasjoner:
Vannrør er utført som rør-i-rør-system fra byggeåret, med fordelerskap og innvendig stoppekran. Innvendige avløpsrør er av plast (PP) fra byggeåret. Varmtvannsbereder på ca. 115 liter (2000 W) fra 2004 er plassert på vaskerom i 2. etasje. Eiendommen er tilknyttet offentlig vann- og avløpsnett via private stikkledninger.
Ventilasjon:
Naturlig tilluft via veggventiler i yttervegg på soverom og i stue, samt mekanisk avtrekk fra kjøkken, bad og vaskerom med avtrekksaggregat på kaldtloft. Kjøkkenventilatoren har avtrekk ut via avtrekksviften på loftet, og ble oppgradert i 2023 med ny motor og kjøkkenhette (Tradition-S).
Tekniske detaljer:
Boligen har montert luft-til-luft-varmepumpe med innedel i stue. Videre er det installert felles sentralt brannvarslingsanlegg, røykvarslere i hver etasje og et 6 kg håndslukkeapparat.
Bod i fellesareal for borettslaget: Bod på ca. 3 m² i fellesareal med laminat på gulv, slette bygningsplater på vegg og gips i himling. Boden er registrert som tinglyst tilleggsdel til seksjonen.
Elektrisk anlegg er i hovedsak fra byggeåret med automatsikringer i sikringsskap og samsvarserklæring fra 2003. Det er senere etablert elbillader og ekstra stikkontakt i felles garasjeanlegg (2017) samt utvendig kurs til jacuzzi (2020).
Alle bygningsdeler og installasjoner har begrenset levetid. Konstruksjonene er bygd etter lov og forskrift som tar utgangspunkt i byggeåret og vil normalt ikke tilfredsstille kravene i dag. Med hensyn til den tekniske standarden på bygningene vises det til vedlagte tilstandsrapport fra takstmann Trond Gjesdal datert 26.10.2026, der enkelte bygningselementer har oppnådd tilstandsgrad 3 (TG3) og tilstandsgrad 2 (TG2). Interessenter oppfordres til å sette seg grundig inn i disse punktene samt egenerklæringen som ligger ved salgsoppgaven før det legges inn bud på eiendommen. Megler gjør for øvrig oppmerksom på kjøpers undersøkelsesplikt med hjemmel i avhendingsloven.
Nedenfor gjengis en kort oppsummering der den bygningssakkyndige har beskrevet avvik ved boligen som har fått tilstandsgrad 2 (TG2) eller 3 (TG3).
TG3 med store eller alvorlige avvik:
- 2. Etasje Vaskerom - Vanntett sjikt, membran og sluk | Vegg ved vask på vaskerom er i forskrift definert som våtsone med krav om vanntett sjikt. Trefiberplate har ikke godkjenning som vanntett sjikt. Smøremembran er fra byggeåret og er ca. 22 år gammel. Alderen gir usikker fremtidig funksjon. Konsekvens/tiltak: Det anbefales tiltak på vegg slik at gjeldende krav til vanntetting oppfylles. Manglende vanntett sjikt medfører økt risiko for fuktskader på overflater og i verste fall lekkasje inn i bakenforliggende konstruksjon. Alderen medfører usikker gjenværende funksjons- og brukstid og økt risiko for svikt. Tilstanden bør følges opp, og fornyelse bør planlegges.
Kostnadsestimat: 20 000 - 100 000
TG2 med avvik som kan kreve tiltak:
- Utvendig > Taktekking: Det er mosevekst på betongtakstein, og sutaksplatene har nådd en alder (ca. 22 år) som medfører usikker gjenværende brukstid.
- Utvendig > Nedløp, beslag og skorsteiner over tak: Mye urenheter i takrenne som hindrer avrenning, og det mangler arbeidsplattform ved pipen for feiing og tilsyn.
- Utvendig > Takkonstruksjon/Loft: Registrert fuktmerker på sutaksplater, en skadet sutaksplate med hull, samt stedvis glipper i loftsisolasjonen.
- Utvendig > Yttervegger/Veggkonstruksjon: Manglende maling mellom yttervegg og levegg i fuktutsatt område, samt liten luftespalte mellom terrassebeslag og kledning.
- Utvendig > Vinduer og takvinduer/takluker/overlys: Manglende klaring mellom listverk og vannbrett under vindu, samt malingsflassing og oppsprekking i karm.
- Utvendig > Ytterdører: Skade på dørpakning på terrassedør i 1. etasje og fuktmerker på dørterskel ved altandør i 2. etasje.
- Utvendig > Balkonger, verandaer, takterrasser og altaner: Avflasset maling og oppsprukket treverk på toppbord på rekkverk, samt rekkverkshøyde på 0,9 m mot dagens krav på 1,0 m.
- Utvendig > Terrasser og plattinger på terreng: Slitte terrassebord med stedvis manglende overflatebehandling, grønske og sprekker i skjøter.
- Utvendig > Andre utvendige forhold: Det foreligger ikke tilstandsanalyserapport eller vedlikeholdsplan for fellesdeler i bygget, og deler av eiendommen ligger i kartlagt støysone.
- Innvendig > Innvendige dører: Sviktrende dørterskel ved soverom mot sørøst, samt malingsflassing på dørblad ved soverom og bad.
- Våtrom > 2. etasje > Bad > Dokumentasjon for våtrom: Det foreligger ikke dokumentasjon som viser utførelsen av våtrommet og de skjulte tettesjiktene.
- Våtrom > 2. etasje > Bad > Overflater, vegger og himling: Sprekkdannelser og riss i fugene mellom veggflisene i dusjsonen.
- Våtrom > 2. etasje > Bad > Overflater gulv: Mindre riss og noe utvaskede fuger mellom gulvflisene i dusjsonen.
- Våtrom > 2. etasje > Bad > Vanntett sjikt, membran og sluk: Mangelfull tetting rundt avløpsrør under servant, 22 år gammel smøremembran uten dokumentasjon, og for liten høydeforskjell mellom slukrist og tettesjikt ved dør.
- Våtrom > 2. etasje > Bad > Sanitærutstyr og innredning: Hakk i fronten på øverste skuff og fuktskade i bunnen av nederste skuff i baderomsinnredningen.
- Våtrom > 2. etasje > Vaskerom > Dokumentasjon for våtrom: Fremlagt dokumentasjon for vanntette sjikt tilfredsstiller ikke kravene i gjeldende forskrift og standard.
- Våtrom > 2. etasje > Vaskerom > Overflater gulv: Avvik i fallforhold til sluk som medfører at lekkasjevann brer seg utover gulvet og blir stående.
- Kjøkken > 1. etasje > Stue/kjøkken > Overflater og innredning: Manglende lekkasjedeteksjon ved oppvaskmaskin/oppvaskkum og manglende komfyrvakt for installasjoner utført etter 1. juli 2010.
- Tekniske installasjoner > Innvendige avløpsrør: Lufterøret for avløpet mangler stedvis klamring.
- Tekniske installasjoner > Ventilasjon: Innvendig bod mangler tilluft og har tett terskel, og stue/kjøkken har redusert tilluftsventilasjon med kun to ventiler i yttervegg.
- Tekniske installasjoner > Varmesentral: Det foreligger ikke dokumentert service på varmepumpen de siste to år, og anlegget har en alder som gir usikker fremtidig funksjon.
- Tekniske installasjoner > Varmtvannsbereder/tank: Varmtvannsberederen er ca. 22 år gammel (fra 2004) og er tilkoblet med støpsel i stikkontakt.
Helse, miljø og sikkerhet:
Det er ikke foretatt radonmålinger, og bygget er heller ikke utført med radonsperre. Konsekvens/tiltak: Uavklarte radonforhold kan innebære risiko for helseskadelig eksponering over tid. Radon er en kjent helserisiko, og forhøyede nivåer kan ha betydning for inneklima og beboernes helse. Det anbefales å gjennomføre radonmåling og eventuelt vurdere nærmere kontroll eller tiltak dersom forhøyede verdier påvises.
Det er registrert flere gipsplater med knekt ende i undertaket på kaldtloftet. Gipsplatene i undertaket er en av konstruksjonene til branncellen i leiligheten. Konsekvens/tiltak: Avvik i branncelleinndeling kan føre til at brann og røyk sprer seg raskere mellom rom eller etasjer. Dette øker risikoen for brannspredning, fare for liv og helse samt større materielle skader. Skadede plater må utbedres og tilbakeføres til opprinnelig stand slik at branncellen til leiligheten er intakt og i henhold til gjeldende krav.
Eiendommen ligger i et rasfarlig/skredutsatt område i henhold til kommunedelsplan/NVE (løsne- og utløpsområde for kvikkleire). Konsekvens/tiltak: Bygningens plassering kan medføre risiko for ras eller utglidning som kan få alvorlige konsekvenser for personsikkerhet og bygningsstabilitet. Ytterligere undersøkelser anbefales.
Øvrige registrerte HMS-forhold i tilstandsrapporten:
• Det er montert trinn/stige for adkomst på taket, men det mangler arbeidsplattform ved pipen. Det bør etableres sikker arbeidsplattform for feiing og inspeksjon.
• Rekkverket er 0,9 meter over ferdig gulv på terrassen, 1,0 meter er dagens krav.
• Deler av boligen og eiendommen ligger innenfor kartlagt støysone.
• Det mangler ubrennbar plate på gulvet under inspeksjons-/sotluken.
• Av hensyn til varmeutviklingen ved eventuell skorsteinsbrann må luker ikke være nærmere brennbare materialer enn 300 mm. Metallplater bør ikke benyttes da disse leder varme.
• Det er ikke montert håndløper på den tilstøtende veggen langs trappen.
• Det er ikke montert komfyrvakt for kjøkkenelektroinstallasjoner utført etter 1. juli 2010.
• Varmtvannsberederen på 2000 W er elektrisk tilkoblet med støpsel i stikkontakt. Tilkoblingen bør vurderes av registrert elektrovirksomhet og om nødvendig endres til fast elektrisk tilkobling.
Opplistingen over er ikke uttømmende og du oppfordres til å lese og sette deg grundig inn i alt salgsmateriell. For ordens skyld nevner vi at TGIU står for «tilstandsgrad ikke undersøkt», f.eks. fordi en del av bygget ikke har vært tilgjengelig for inspeksjon. Disse delene kan dermed ha feil eller mangler som ikke er avdekket.
Eiendomstype
Leilighet
Oppvarming
Elektrisitet, varmepumpe og vedfyring. Luft-til-luft-varmepumpe i stova, vedovn tilknytt pipe, panelomnar og varmekablar på badet.
Dersom rom for varig opphald ikkje har vegg- eller fastmonterte varmekjelder ved vising følgjer dette heller ikkje med.
Tilstandsrapporten skildrar byggverket sin tekniske tilstand. Det er ikkje utført kontroll av dei elektriske installasjonane (el-takst) sjølv om bygningssakkyndig kan ha knytt nokre kommentarar til elanlegget ut frå heilt enkle vurderingskriterium. Sidan elanlegget ikkje er kontrollert er det sannsynleg at det seinare kan bli avdekt avvik frå dagens forskriftskrav og oppstå funksjonssvikt. Vidare må kjøpar vere førebudd på at det må gjerast oppgraderingar på grunn av slitasje, manglande vedlikehald, arbeid som er utført av ufaglærte, utidsmessigheit eller tekniske løysingar som ikkje held dagens standard. I Noreg er det ei av oppgåvene til «Det lokale el-tilsynet» (DLE) å føre tilsyn med elektriske anlegg i bustader og fritidsbustader. Alle bustader skal ha periodisk kontroll kvart 20. år og hytter/fritidsbustader kontrollerast kvart 30. år. El-anlegget er ein bygningsdel som er gjenstand for konstant utvikling, det må derfor reknast med at dagens anlegg ikkje nødvendigvis er dimensjonert for oppgradering av kjøkken med nye elektriske apparat, rehabilitering av bad med varmekablar eller installasjon av elbilladar.
Strømforbruk
Noverande eigar hadde eit samla straumforbruk på 14 889 kWt i 2025.
Straum og nettleige etter eige forbuk.
Det er ikkje bestilt Norgespris på straum.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Vei, vann og avløp
Eigedomen er knytt til offentleg vatn og avlaup. Alle eigedomar som er tilknytt offentleg vatn og avlaup har private stikkleidningar, som vedlikehaldast for eigar si eiga rekning. For ytterlegare opplysningar om dei private stikkleidningane tek ein kontakt med kommunen. Privat veg som vedlikehaldast av brukarane. Tilkomst frå Brulandsvegen via felles avkøyrsle.
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.
Budgivning
Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på hjem.no, finn.no, via eiendomsmegler1.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.
Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve. Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el- eller telenettet.
Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar. Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.
Kjøpar er utanlandsk statsborgar
Dersom ein kjøpar er utanlandsk statsborgar krevjast det at ein har D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Meklar rekvirerer dette samstundes som skøyte vert sendt inn til tinglysing hjå Kartverket. Skøytet vert så liggande hjå Kartverket fram til kjøpar har fått D-nummer av skatteetaten. Deretter vert skøytet tinglyst. Denne prosessen vil ofte medføre at oppgjer og utbetaling til seljar vert forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella enten ta atterhald i bod om forseinka utbetaling til seljar, eller vere budd på å dekke forseinkingsrenter. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før bodgjeving.
Overtakelse
Overtaking etter avtale. Legg inn ønskje om overtakingsdato ved bodgjeving.
Mellom aksept av bod og tidspunktet for overtaking er det ikkje høve til å synfare eigedomen. Vi tilrår difor interessentar til å naudsynte mål og liknande på visinga.
Boligselgerforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring. Forsikringa dekkjer seljar sitt ansvar etter avhendingslova, med dei avgrensingane som følgjer av forsikringsvilkåra og er avgrensa til salssummen til eigedomen, men oppad avgrensa til kr. 14 000 000,-. Seljar har i den samanhengen utarbeidd ei eigenerklæring om eigedomen. Eigenerklæringa ligg vedlagt salsoppgåva og interessentar vert oppmoda til å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Bustadseljarforsikringa sørgjer for at kjøpar kan forhalde seg til ein profesjonell og søkegod motpart som handterer eventuelle reklamasjonar fagleg og ryddig. Dersom kjøpar ikkje har teikna bustadkjøparforsikring kan ein kontakte meklar for å få kontaktinformasjon til bustadseljarforsikringa til seljar.
Av vilkåra går det fram unntak i forsikringsdekninga, til dømes ved nye forhold som oppstår mellom aksept og overtaking. Garantiar/lovnader der seljar har påteke seg ansvar for eigenskapar ved eigedomen eller dokumentasjon av slike, vert ikkje dekt. I nokre tilfelle er det heller ikkje dekning der seljar har opptrådt forsettleg eller grovt aktlaust. Forsikringa omfattar heller ikkje ein redusert bustadverdi som skuldast skadedyr/insekt, til dømes skjeggkre/perlekre/sølvkre, veggdyr, pelsbiller, maur, borebiller og tilsvarande. I samsvar med lov og rettspraksis må det reklamerast “innan rimeleg tid”. Det vert tilrådd å reklamere umiddelbart/snarast mogleg og seinast innan 2 månader frå forholdet vart/burde vorte oppdaga.
Dersom kjøpar utbetrar mangelskrav på eiga hand, kan dette medføre at reklamasjonsretten vert tapt.
Boligkjøperforsikring
Vedlagt i salsoppgåva følgjer informasjon om Bustadkjøparforsikring Pluss og Bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Bustadkjøparforsikring er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det blir oppdaga uventa feil eller manglar ved bustaden dei neste fem åra. Bustadkjøparforsikring Pluss har same dekning som bustadkjøparforsikring + fullverdig advokathjelp på viktige rettsområde i privatlivet. Les meir om begge forsikringane i vedlagde materiell eller på help.no. Det blir gjort merksam på at meklarføretaket mottar kr 1 900 / 2 600 / 2 600,- (avhengig av bustadtype) i kostnadsgodtgjersle for kvar forsikringsavtale som blir formidla på Bustadkjøparforsikring Pluss og kr 2 900 ,- / 3 600,- / 3 600,- i kostnadsgodtgjersle for Bustadkjøparforsikring.
Forsikringsselskap
Frende forsikring
Avgiftsbeskrivelse
Dette inkluderer renovasjon, vatn- og avlaupsavgifter, branntilsyn og feiing. Den totale årlege kostnaden vil variere etter eige forbruk.
Fastpris: 5 880,- inkludert mva frå 01.01.2026.
Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.
I felleskostnadene inngår ein delpost for kommunale avgifter på kr 229,- per månad.
Kommunale gebyr er ein kombinasjon av forskot, abonnement og enkeltgebyr fakturert etter levert teneste. Kommunen kjenner ikkje samla gebyr for ein eigedom for eit år før året er omme.
Det er registrert vassmålar på eigedomen (målarnummer 26228788). Målt forbruk for 2025 var 2 147 m³ med registrert målarstand 45 350 per 12.12.2025. Kommunen opplyser at vassmålaropplysningar for seksjonerte eigedomar kan vere knytt til ein felles avtale for sameiget.
Eigedomsskatt for 2026 er stipulert til kr 5 950,- og kjem i tillegg til dei kommunale gebyra.
Moderniseringer og påkostninger
Følgande moderniseringar er utførte dei seinare åra:
2023:
- Nytt golv i stove/kjøkken
- Oppgradering av ventilator på kjøkken med motor og kjøkkenhette Tradition-S, utført av Førde Metallprodukt AS
2020:
- Montering av utvendig kurs med brytar og tilkopling til jacuzzi, utført av Vestland elektro og rør
2017:
- Installering av ladar for elbil og ekstra stikkontakt i det felles garasjeanlegget
2016:
- Ny baderomsinnreiing og nytt toalett
- Ny kjøkkeninnreiing
Vedlikehaldshistorikk sameiget:
2025:
- Vasking og måling av ytterfasade og vedlikehald av fellesareal
Innløsningsvilkår festeavgift
Som festar kan ein på visse vilkår krevje innløysing av tomta. For nærare omtale av vilkåra for dette vert det vist til tomtefestelov kapittel 6.
I festekontrakten er det oppgitt at festaren ikkje har innløysingsrett.
Regulering av festeavgift
Festeavgifta regulerast i tråd med endring i konsumprisindeksen. Bortfestar kan med verknad frå 01.01 det aktuelle året krevje festeavgifta regulert i samsvar med Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks.
Festetid
Festetida er 50 år rekna frå 01.04.1998. Festetida går fram til: 01.04.2048
Kopi av festekontrakten følgjer vedlagt og interessentar vert oppmoda til å sette seg nøye inn i den.
Betalingsbetingelser
Kjøpesum og alle kostnader skal vere innbetalt til meklar sin klientkonto før overtaking. Det føresetjast at skøyte blir tinglyst på ny eigar. Dersom kjøpar ikkje ønskjer heimelsoverføring av eigedommen til seg, må det takast atterhald om dette i bodet.
Oppdragsansvarlig
Megler: Trond Bakke Eigedomsmeklar MNEF
Megler: Daniel Einen Salscoach / Eigedomsmeklar MNEF
Fasiliteter
- Balkong/Terrasse
- Garasje / P-plass
- Heis
Adgang til utleie
Vedtektene i sameiget har begrensingar i forhold til utleige. Utleige kan først skje etter samtykke frå styret på førehand.
Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årleg ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. Bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.
Ved utleige av seksjonar skal behovet for parkeringsplassar meldast inn til styret i sameiget. Ved utleige av bustadseksjon er det seksjonseigaren som vert belasta leigekostnaden for ekstra parkeringsplassar seksjonen nyttar.
Radon
Det er ikkje utført radonmåling og det er heller ikkje krav til dette. Kjøpar tek over eigedomen slik og er sjølv ansvarleg for å utføre eventuelle tiltak. For meir informasjon vedrørande radon se
www.dsa.no.
Bygget ligg i eit område med moderat til låg førekomst av radongass i grunn.
Bygget er ikkje utført med radonsperre.
Sentrale lover
Eigedomen vert seld etter reglane i avhendingslova.
Salsoppgåva er basert på dei opplysningane seljar har gitt til bygningsakkyndig og meklar, samt opplysningar innhenta frå kommunen, Statens kartverk og andre tilgjengelege kjelder.
Eigedomen skal overleverast til kjøpar i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta, med dette salsoppgåve, tilstandsrapport og seljar si egenerklæring. Kjøpar vert sett på som kjent med forhold som er tydeleg beskrive i salsdokumenta. Forhold som er beskrive i salsdokumenta kan ikkje påberopast som manglar. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta. Alle interessentar vert oppmoda til å undersøkje eigedomen nøye, gjerne saman med fagkyndig før bod vert gjeve. Kjøpar som vel å kjøpe usett kan ikkje gjere gjeldande som mangel noko han burde blitt kjent med ved undersøkinga. Dersom det er behov for avklaringar, anbefalar vi at kjøpar rådfører seg med eigedomsmeklar eller ein bygningsakyndig før det vert lagt inn bod.
Dersom kjøpar ikkje er forbrukar seljast eigedomen «som den er», og seljar sitt ansvar er då avgrensa jf.§ 3-9 1. ledd 2. pkt. Informasjon om kjøpar si undersøkingsplikt, med dette oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld og for kjøparar som ikkje vert vurdert som forbrukarar.
På grunn av ulike avtalevilkår kan seljar vurdere bod frå ein som ikkje er forbrukar, ulikt frå ein forbrukar sitt bod. Dersom kjøpar ikkje er forbrukar, er seljar sitt mulege mangelsansvar avgrensa fordi eigedomen vert seld "som den er". Seljar kan ikkje ta «som den er» atterhald ovanfor ein forbrukarkjøpar. Sjølv eit lågare bod frå ein som ikkje er forbrukar kan foretrekkast fordi avgrensinga i muleg mangelsansvar kan ha eigenverdi for seljar. Seljar står fritt til å forkaste eller akseptere eitkvart bod, og pliktar til dømes ikkje å akseptere høgste bod.
Bodgjevarar får informasjon dersom andre bod er gjeve av ein som ikkje er forbrukar.
Forbrukarkjøp - definisjon:
Med forbrukarkjøp meinast kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.
Forbrukar - avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen, eller det ligg føre brot på bestemmingane i avhendingslova §§ 3-2 til 3-8. Dersom eigedomen ikkje er i samsvar med det kjøparen må kunne vente ut frå alder, type og synleg tilstand, kan det vere grunnlag for mangelskrav. Det same gjeld dersom det er halde tilbake eller gitt urette opplysningar om eigedomen. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det virka inn på avtalen at opplysningen ikkje vart gitt eller at feil urette opplysningar ikke blir retta i tide på ein tydeleg måte.
Ein bustad som har blitt brukt i ei viss tid, har vanlegvis blitt utsett for slitasje og skadar kan ha oppstått. Slik bruksslitasje må kjøpar rekne med, og det kan avdekkast enkelte forhold etter overtakinga som gjer det naudsynt med utbetringa utbedringar. Normal slitasje og skadar som gjer det naudsynt med utbetring, er innanfor kva kjøpar må vente og vil ikkje utgjere ein mangel.
Bustaden kan ha ein mangel etter avhendingslova § 3-3 dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk innvendig areal, forutsett at avviket er på 2 % eller meir og minimum 1 kvm.
Ved berekning av eit eventuelt prisavslag eller erstatning må kjøpar sjølv dekke tap/kostnader opptil eit beløp på kr 10 000 (eigendel).
Ikkje - forbrukar (næringsdrivande) – definisjon:
Dersom kjøpar er ein juridisk person, eller ein fysisk person som hovudsakeleg handlar som ledd i næringsverksemnd, vil kjøpet ikkje bli sett på som eit forbrukarkjøp.
Ikkje - forbrukar – avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen. Eigedomen vert seld «som den er», og seljar sitt ansvar utover det konkret avtalte er då avgrensa etter avhendingslova § 3-9, første ledd andre setning.
Avhendingslova § 3-3 andre ledd vert fråviken, og korvidt arealsvikt i bustaden utgjer ein mangel vert vurdert etter avhendingslova § 3-8.
Ein føresetnad for salet er at skøyet for eigedomen vert tinglyst på kjøpar. Interessentar og kjøpar må godta at seljar og meklar brukar elektronisk kommunikasjon i salsprosessen.
I trå med eigedomsmeklingsforskrifta vil informasjon om oppdragsgivar, salsobjektet, interessentar og kjøpar bli lagra av meklarføretaket i min. 10 år. Sjå em1.no for meir informasjon om handsaminga vår av personopplysningar.
Personopplysningsloven
Vi gjer interessentar og kjøparar merksame på at vi vil handsame, etter personopplysingslova, personopplysningane dine i den utstrekning dette er naudsynt for å oppfylle våre lovpålagte plikter, med dette for å kunne gjere kundekontroll etter kvitvaskingslova samt for å utføre oppgåver som vi er pålagt etter eigedomsmeklingslova.
Kommunalinfo
- Kommunale avgifter: kr 10 732
- Eiendomsskatt: kr 5 950
- Informasjon om eiendomsskatt: Eigedomsskatten utgjer 2,7 promille av eigedomsskattegrunnlaget på kr 2 203 600 i 2026.