Last ned salgsoppgave for komplett informasjon om eiendommen
Registerbetegnelse
- Gårdsnummer: 46
- Bruksnummer: 186
- Seksjonsnummer: 14
- Kommunenummer: 4649 - Stad
- Borettslag / Sameie navn: Hotellhagen Sameige
- Borettslag / Sameie organisasjonsnummer: 921066015
Informasjon borettslag / sameie
Regnskap / Budsjett:
Årsrekneskapen for 2025 viser eit årsresultat (overskot) på kr 25 609,-, med driftsinntekter på kr 214 713,- og driftskostnader på kr 190 147,-. Sameiget sin eigenkapital pr. 31.12.2025 var kr 183 277,-, og disponible midlar utgjorde kr 134 944,-.
Budsjett for 2026 vart godkjent på årsmøtet 27.04.2026 med budsjetterte inntekter på kr 365 000,-, driftskostnader på kr 269 130,- og eit budsjettert overskot på kr 95 870,-. Felleskostnadene vart auka for å møte forventa driftskostnader (inkludert renovasjonskostnad på kr 90 000,- årleg ført via sameiget) og byggje opp nødvendig økonomisk reserve.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med sameiget sitt rekneskap og budsjett. Kopi av desse ligg hjå meklar.
Vedtekter / Husordensregler:
Eigar forpliktar seg til å gjere seg kjend med vedtekter og eventuelle husordensreglar. Kopi av desse ligg vedlagt i salsoppgåva.
Dyrehold:
Det er ikkje tillate å halde husdyr utan styret si førehandsgodkjenning. Godkjenning er avhengig av at husdyret ikkje er til sjenanse eller ulempe for andre sameigarar. Styret kan fastsette reglar for dyrehaldet.
Det er fleire som har dyr i sameige per i dag. Styret må likevel godkjenne husdyrhald.
Beboernes forpliktelser:
Bebuarane har følgjande plikter i sameiget:
- Dugnad: Sameiget gjennomfører dugnad som vert administrert av styret.
- Avfallshandtering: Seksjonseigarane skal rette seg etter gjeldande kommunalt regelverk. Møblar og kvitevarer skal leverast på godkjend oppsamlingsplass. Det vert hengd opp vaskeplan for bosspann.
- Skademelding: Vasskader, lekkasjar, hærverk og innbrot må meldast utan ugrunna opphald til styret/forretningsførar. Andre skader skal meldast innan 3 dagar.
- Sluk: Seksjonseigar skal reinsa sluk og halda avløpsrøyr opne fram til fellesleidninga (gjeld også balkongsluk).
Styregodkjennelse:
Det vert ikkje praktisert styregodkjenning i dette sameiget. Sameiget sitt styre skal underrettast skriftleg om alle overdragingar. Ved eigarskifte vert det betalt eit eigarskiftegebyr til forretningsførar.
Forkjøpsrett:
Det er ikkje forkjøpsrett på eigedomen.
Felleskostnader
kr 1 874 pr. mnd.
Felleskostnader inkluderer
Felleskostnadene utgjer kr 1 874,- pr. månad og inkluderer renovasjon, bygningsforsikring, forretningsførsel, styrehonorar, revisjonshonorar, straum og varme i fellesareal, snømåking samt drift og vedlikehald.
Eigedomsskatt og andre offentlege avgifter, samt energileveranse til golvvarme og tappevatn knytt til seksjonen, vert dekka direkte av den einskilde seksjonseigaren.
Forsikringspolise
9290504
Sikringsordning
Boligselskapet har inngått avtale om forskotterte felleskostnader med Klare Finans AS. Dei andre sameigarane har lovbestemt panterett i seksjonen for krav mot sameigaren som følgjer av sameigeforholdet (inntil 2G jf. eigarseksjonslova § 31). Manglande betaling av utlikna del av sameiget sine forpliktingar etter påkrav vert rekna som vesentleg misleghald og kan gje rett til å krevje seksjonen tvangsseld.
Areal
BRA: 99 m
2BRA-i: 94 m
2BRA-e: 5 m
2TBA: 16 m
2Arealene er oppgitt av bygningssakkyndig på grunnlag av NS3940(2023). Internt bruksareal (BRA-i) er areal innenfor boligens omsluttende vegger. Det er for eksempel stue, soverom, kjøkken, entré, bad, loftsrom, innvendig bod og ganger mellom disse. Dersom boligen består av en bruksenhet med flere selvstendige boenheter, skal de selvstendige boenhetene kategoriseres som BRA-i. Et eksempel på dette kan være en enebolig med adskilt utleieenhet. Eksternt bruksareal (BRA-e) er for eksempel en ekstern bod, kjellerstue med egen inngang, gjesterom, tilleggsbygg eller andre rom som tilhører boenheten, men som ikke er direkte tilknyttet det interne arealet. Tilleggsbygg kan være for eksempel garasje, naust eller utvendig bod. Innglasset balkong (BRA-b) er innglassede balkonger, verandaer og altaner som disponeres av boenheten. Terrasse- og balkongareal (TBA) er arealet av terrasser, altaner, verandaer og åpne balkonger som er tilknyttet boenheten. Leilighetens gulvareal (GUA) er boligens samlede gulvareal og areal med lav takhøyde ALH er areal uten krav til minste himlingshøyde.
Nye regler for arealmåling gjelder fra 1.1.2024. Les mer om
reglene.Etasje
2
Parkering
Denne bustaden har 1 fast(e) parkeringsplass(ar) (carport i felles bygning). Parkeringsplassen/-plassane følgjer bustaden og utgjer ei tilleggsdel i samsvar med seksjoneringsbegjæringa.
Det er montert elbilladar, lys og el-kontakt i carporten. Kostnader knytt til drift og vedlikehald av carportane vert dekte likt av rettshavarane. Sameiget har i tillegg felles gjesteparkering.
Meklar gjer merksam på at det etter plan- og bygningslova kan vere fatta vedtak i sameige om å opparbeide tilrettelagde parkeringsplassar for personar med nedsett funksjonsevne. Sameiget har då plikt til å sikre tilgjengelege parkeringsplassar for dei som har behov for dette.
Dette inneber at ein seksjonseigar med nedsett funksjonsevne kan krevje å få bytte parkeringsplass med ein seksjonseigar utan behov for tilrettelagt plass. Tilgjengeligheita skal sikrast gjennom byteordning eller liknande løysingar. Det er likevel eit krav at seksjonseigaren med nedsett funksjonsevne allereie disponerer ein parkeringsplass i sameiget.
Retten til å bruke ein tilrettelagd parkeringsplass varer så lenge det ligg føre eit dokumentert behov, og gjeld uavhengig av om parkeringsplassen er fellesareal eller er registrert som tilleggsdel til ein enkelt seksjon. Det er difor ein risiko for at ein kjøpt parkeringsplass – uavhengig av korleis han er organisert – lovleg kan bli tildelt ein annan seksjonseigar med nedsett funksjonsevne.
Eiendom
Tomteareal er 5 220 m2 på eiet tomt.
Felles eigd tomt for sameiget på 5 220 m². Tomta ligg i flatt terreng og er opparbeidd med felles asfalterte trafikk- og parkeringsareal, grasplen, vegetasjon og leikeplass.
Sameiget si tomt er fellesareal, dersom det ikkje er gjort nærare avtalar om bruk i vedtektene eller seksjoneringsdokumenta.
Eigedommen er i kart frå nve.no plassert i utløysingsområde for kvikkeleire. Område er definert som Risikoklasse 0.
Det kan forekomme skred utanfor påviste område.
Byggeår
2022
Innhold
Leilegheit inneheld:
Gang, tre soverom, stove/kjøkken, bad og bod/vaskerom.
Balkong på 11 m².
Overbygd terrasse/inngangsparti på 4,5 m².
Leilegheita disponerer ein utebod på 5 m² og carport i felles bygning.
Dei oppgitte romma er definerte av bygningssakkyndig i samsvar med vedlagd rapport, basert på dagens faktiske bruk, uavhengig av kva som er godkjent av bygningsstyresmaktene.
Standard
Leilegheita ligg i andre etasje i ein firemannsbustad frå 2022 og har alt på eitt plan. Planløysinga rommar stove og kjøkken i open løysing, tre soverom, bad og kombinert bod/vaskerom. Bustaden er utstyrt med balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning og har golvvarme i oppholdsrom og på våtrom.
Entré:
Adkomsten skjer via utvendig trapp til eit vestvendt overbygd inngangsparti. Innanfor døra møter du ein gang med laminat på golvet og behageleg golvvarme med varmekablar. Her er det plass til oppheng av yttertøy og sko.
Stove:
Stova har ei open og luftig utforming med listfrie overgangar mot himling og vindauge. Rommet har god plass til både sofagruppe og spisebord, og ein peisomn tilkopla isolert stålpipe gjev god varme på kjølege dagar. Golvet har varmekablar, og vindauga er utstyrte med utvendig elektrisk styrt solskjerming og innvendige plisségardiner. Frå stova er det utgang til ein sørvendt balkong.
Kjøkken:
Kjøkkenet har innreiing frå Epoq i modellen Trend Greige med slette, måla frontar og ei 20 mm benkeplate i Dekton. Veggane ved vaske- og kokesona er kledde med glassplater. Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer som omfattar kombinert kjøle- og fryseskap, steikeomn, mikrobølgjeomn, 80 cm induksjonstopp og oppvaskmaskin. Det er montert komfyrvakt, waterguard og mekanisk avtrekk med ventilator over steikesona.
Bad:
Badet er frå 2022 og oppført i samsvar med TEK17. Rommet har flislagt golv med mosaikkflis i dusjsona og varmekablar, flislagde veggar i dusjen og målingsstrie på øvrige veggar. Innreiinga består av dobbel helstøpt vask i foliert seksjon, fastmontert spegel med integrert belysning, badekar med veggmontert blandebatteri og dusj, samt dusjnisje med hengsla glassdører og eit veggmontert toalett. I himlingen er det downlights og avtrekk tilkopla balansert ventilasjon.
Bod/vaskerom:
Rommet er utført som våtrom med våtromsvinyl med oppbrett på golv og måla plater på veggar. Her er det opplegg for vaskemaskin, ein 194 liters varmtvatnstank, rørskap og ventilasjonsaggregat for det balanserte anlegget.
Tre soverom:
Leilegheita har tre soverom med laminat på golv og tilluft frå det balanserte ventilasjonsanlegget. Skiljeveggane mellom romma er bygde med dobbel gips for brann- og lydisolering. Eitt av soveromma har montert skyvedørsgarderobe, og det er installert innvendig solskjerming med rullegardiner på to av romma og plisségardiner på det tredje.
Balkong og uteplass:
Frå stova er det utgang til ein sørvendt balkong med måla terrassebord, trerekkverk, utelys og stikkontakt. Ved inngangspartiet har leilegheita i tillegg ein vestvendt overbygd terrasse med terrassebord, trerekkverk og montert belysning.
Overflater:
Golv: BerryAlloc Grand Avenue Champs Elysées laminatgolv i oppholdsrom og gang. Våtromsvinyl på bod/vaskerom. Golvfliser og mosaikkfliser på bad.
Veggar: Måla plater og gipsplater, med ekstra kryssfiner bak delzr av platene for feste av oppheng. Dobbel gips i skilevegg mellom soverom. Veggfliser i dusjsonen og målingsstrie for øvrig på bad.
Himling: Måla gipsplater. Downlights på bad. Listfritt i overgang mellom vegg og himling samt mot vindauge og balkongdør i stove og kjøkken.
Lagring:
Skyvedørsgarderobe på eitt av soveromma. Innvendig bod/vaskerom i leilegheita. Utvendig utebod på 5 m² med kvit ytterdør, lys og stikkontakt i felles bygning, der leilegheita også disponerer ein carportplass utstyrt med elbilladar.
Omsetning av brukt eigedom
Ein brukt eigedom vil som regel ikkje vere i same stand som om den var ny. Tekniske krav, type bustad, teknikk og skikkar endrar seg over tid. Bruksslitasje og ytre forhold kan gjere at tilstanden blir dårlegare etter kvart, sjølv om det ikkje er synleg. Kjøparar kan ha mindre forventningar til eldre bustader enn nye, og det kan vere skadar eller feil som ikkje er beskrive, men som seljar likevel ikkje kan haldast ansvarleg for. Normal bruksslitasje er ikkje ein mangel, og det er ikkje sikkert at det som opplevast som ein feil ved ein eigedom er ein mangel i rettsleg forstand. Det er difor viktig å setje seg grundig inn i tilstanden på den eigedomen ein vil kjøpe.
Hvitevarer
Desse blir leverte utan nokon form for garanti, utover eventuell gjenværande leverandørgaranti.
Adkomst
Sjå kart i salsoppgåva for beskriving av tilkomst. Det vert skilta med EiendomsMegler 1-skilt ved fellesvising.
Byggemåte
Informasjonen er henta frå vedlagte tilstandsrapport, datert 05.10.2026.
Bygning:
Taksert seksjon er ei 4-roms leilegheit i 2. etasje i ein firemannsbustad oppført i 2022 med hovudfasade mot sør og vest. Normal standard og utførelse med grunnlag i byggeår. Ytterveggar er oppførte i 20 cm isolert bindingsverk med vindtetting av asfaltplater og vindduk, kledd utvendig med liggande dobbeltfalsa trekledning. Skillevegg mot tilstøytande seksjon er brann- og lydisolert i treutførelse. Etasjeskiljet er oppbygd som brann- og lydisolert trebjelkelag. Byggegrunnen består av sand, og bygget er fundamentert med Vartdal ringmurselement med betong i flatt terreng. Med bakgrunn i mellombels bruksløyve er det montert radonduk i samsvar med krav i teknisk forskrift.
Tak:
Pulttak med lufting i gesimskasser, tekt med banepapp. Takrenner og nedløpsrøyr er i aluminium. Yttertaket er ein felles konstruksjon for bygget.
Pipe/Eldstad:
Peisomn tilknytt utvendig montert, isolert stålpipe.
Vindauge:
Vindauge med 3-lags glasruter i trekarm.
Dører:
Kvit ytterdør til gangen, måla balkongdør med 3-lags glasrute samt kvite, glatte innerdører med luftespalte mot lakkert flat eiketerskel.
Trapper/tilkomst:
Utvendig tilkomst til leilegheita via rettløpstrapp med vangar i tre, galvaniserte trinn og trerekkverk med høgd på 101 cm ved trinn.
Balkong/terrasse:
Sørvendt balkong på 11 m² med måla terrassebord og trerekkverk med høgd på 103 cm, montert med lys og stikkontakt. Vestvendt overbygd terrasse/inngangsparti på 4,5 m² med terrassebord og trerekkverk med høgd på 104 cm, likeins montert med lys og stikkontakt.
VVS-installasjonar:
Innvendige vassledningar er av plast (røyr-i-røyr) og besikta i røyrskåp med stoppekran på bod/vaskerom, utført av Kr A Vik AS. Avløpsrøyr i plast med felles system for lufting og stakemoglegheit. Varmtvannstank på 194 liter produsert i 2022 er plassert på bod/vaskerom. Vassforsyning og avløp er tilknytt kommunalt nett via private, felles stikkledningar.
Ventilasjon:
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Avtrekk frå kjøkken, bad og bod/vaskerom, samt tilluft til stove og soverom. Mekanisk avtrekk med ventilator over kokesona.
Tekniske detaljar:
Røykvarslarar i alle rom unntatt bad, med brannsentral på bod/vaskerom. Sløkkeutstyr med 6 kg pulverapparat.
Carport m/utebod: Anlagt i felles bygning fundamentert med betongringmur og betonggolv på grunn. Ytterveggar i bindingsverk med liggande dobbeltfalsa trekledning samt bærande søyler og dragar i front. Saltakkonstruksjon med prefabrikkerte W-takstolar, tekt med betongtakstein over undertak av sutaksplater. Kvit ytterdør til bod, lys, stikkontakt og elbil-ladar i carport.
Sikringsskåp er montert i bod/vaskerom med automatsikringar og skjult el-installasjon. Det er lagt golvvarme med varmekablar i bad, gang, stove og kjøkken, utført av MegaOhm AS.
Alle bygningsdelar og installasjonar har avgrensa levetid. Konstruksjonane er bygd etter lov og forskrift som tek utgangspunkt i byggeåret og vil normalt ikkje tilfredsstille krava i dag. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det vist til vedlagde tilstandsrapport fra takstmann Kristen Eikenæs datert 05.10.2026, der enkelte bygningselementer har oppnådd tilstandsgrad 2 (TG2) og konstruksjonar som ikkje er undersøkt (TGIU). Interessentar vert oppmoda til å sette seg grundig inn i desse punkta samt eigenerklæringa som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Nedanfor finn ein ei kort oppsummering av det den bygningssakyndige har beskrive av avvik ved bustaden som har fått tilstandsgrad 2 (TG 2) eller 3 (TG 3) OG TG IU (Ikkje undersøkt).
TG2 med avvik som kan krevje tiltak:
- Utvendig > Vindauge og takvindauge/takluker/overlys: Utvendige sidelister er montert direkte mot beslag utan dryppkant, noko som kan føre til fuktopptrekk.
- Utvendig > Ytterdører: Ytterdør har ei mindre treffskade på dørbladet ved låsepinnen.
- Utvendig > Utvendige trapper: Manglande vegghandløpar, og opning mellom trinn er målt til 14 cm (krav er maks 10 cm).
- Innvendig > Overflater - golv: Påvist golvknirk i alle rom og glis på 3–5 mm under deler av golvlistene.
- Innvendig > Etasjeskiller og bærande konstruksjonar: Målt lokal høgdeforskjell på etasjeskiljet som er større enn 15 mm.
- Innvendig > Innvendige dører: Monteringsavvik og skeivheiter med noko utsig i open posisjon for enkelte innerdører.
TGIU - Konstruksjonar som ikkje er undersøkte:
- Utvendig > Taktekking: Felles konstruksjon, ikkje vurdert.
- Utvendig > Nedløp, beslag og skorsteiner over tak: Felles konstruksjon, ikkje vurdert.
- Utvendig > Takkonstruksjon/Loft: Felles konstruksjon, ikkje vurdert.
- Utvendig > Ytterveggar/Veggkonstruksjon: Felles konstruksjon, ikkje vurdert.
- Tomteforhold > Grunnmur og fundament: Felles konstruksjon, ikkje vurdert.
- Våtrom > 2.etasje > Bad > Tilliggande konstruksjonar våtrom: Våtsone mot tilstøytande seksjon og skyvedørsgarderobe gjer at holtaking ikkje kunne utførast.
- Våtrom > 2.etasje > Bod/vaskerom > Tilliggande konstruksjonar våtrom: Fuktmåling ved holtaking er ikkje foreteke.
Helse, miljø og sikkerhet:
Eiendommen ligg i eit rasfarleg /skredutsatt område i henhold til kommunedelsplan/NVE.
Oppsummeringa over er ikkje uttømmande, og du vert oppmoda til å lese og setje deg grundig inn i alt salsmateriell. For ordens skuld nemner vi at TGIU står for «tilstandsgrad ikkje undersøkt», til dømes fordi ein del av bygget ikkje har vore tilgjengeleg for inspeksjon. Desse delane kan dermed ha feil eller manglar som ikkje er avdekte.
Eiendomstype
Leilighet
Oppvarming
Elektrisitet og vedfyring. Golvvarme med varmekablar på bad, gang, stove og kjøkken. Peisomn tilkobla utvendig montert isolert stålpipe.
Dersom rom ikkje har vegg- eller fastmonterte varmekjelder ved vising, følgjer dette heller ikkje med.
Tilstandsrapporten beskriv den tekniske tilstanden til byggverket. Det er ikkje utført kontroll av dei elektriske installasjonane (el-takst) sjølv om bygningssakkunnig kan ha knytt kommentarar til el-anlegget ut frå heilt enkle vurderingskriterium.
Sidan el-anlegget ikkje er kontrollert, er det ikkje usannsynleg at det seinare kan bli avdekt avvik frå dagens forskriftskrav og oppstå funksjonssvikt. Vidare må kjøpar vere førebudd på at det kan måtte gjerast oppgraderingar på grunn av slitasje, manglande vedlikehald, arbeid som er utført av ufaglærte, alder eller tekniske løysingar som ikkje held dagens standard.
I Noreg er det ei av oppgåvene til «Det lokale eltilsynet» (DLE) å utføre tilsyn med elektriske anlegg i bustader og fritidsbustader. Alle bustader skal ha periodisk kontroll kvart 20. år, og hytter/fritidsbustader blir kontrollerte kvart 30. år. El-anlegget er ein bygningsdel som er gjenstand for konstant utvikling. Ein må difor rekne med at dagens anlegg ikkje nødvendigvis er dimensjonert for oppgradering av kjøkken med nye elektriske apparat eller rehabilitering av bad med varmekablar, samt installeringar for elbilladar.
Strømforbruk
Ja, Norgespris er bestilt. Det er ei statleg ordning med fastpris på 50 øre/kWh fram til 31.12.2026. Ny eigar vil vera bunden til avtala ut bindingstida.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Vei, vann og avløp
Vegen fram til tomtegrensa er offentleg. Vegane inne på eiga tomt blir vedlikehaldne gjennom sameiget. Vatn og avlaup til eigedomen er offentleg. Stikkleidning frå det offentlege nettet og inn til eigedomen blir vedlikehalden og reparert av sameiget.
Andel fellesformue
kr 9 957
Dette utgjør andelens fellesformue pr. 31.12.2025
Meglers plikt til å stanse gjennomføring av en handel
Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.
Budgivning
Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på finn.no eller via eiendomsmegler1.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.
Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve. Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el- eller telenettet.
Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar. Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.
Kjøpar er utanlandsk statsborgar
Dersom ein kjøpar er utanlandsk statsborgar krevjast det at ein har D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Meklar rekvirerer dette samstundes som skøyte vert sendt inn til tinglysing hjå Kartverket. Skøytet vert så liggande hjå Kartverket fram til kjøpar har fått D-nummer av skatteetaten. Deretter vert skøytet tinglyst. Denne prosessen vil ofte medføre at oppgjer og utbetaling til seljar vert forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella enten ta atterhald i b od om forseinka utbetaling til seljar, eller vere budd på å dekke forseinkingsrenter. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før bodgjeving.
Overtakelse
Overtaking etter avtale. Legg inn ønskje om overtakingsdato ved bodgjeving.
Mellom aksept av bod og tidspunktet for overtaking er det ikkje høve til å synfare eigedomen. Vi tilrår difor interessentar til å naudsynte mål og liknande på visinga.
Boligselgerforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring hos Fremtind. Forsikringa dekkjer seljar sitt ansvar etter avhendingslova, med dei avgrensingane som følgjer av forsikringsvilkåra og er avgrensa til salssummen til eigedomen, men oppad avgrensa til kr. 14 000 000,-. Seljar har i den samanhengen utarbeidd ei eigenerklæring om eigedomen. Eigenerklæringa ligg vedlagt salsoppgåva og interessentar vert oppmoda til å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Bustadseljarforsikringa sørgjer for at kjøpar kan forhalde seg til ein profesjonell og søkegod motpart som handterer eventuelle reklamasjonar fagleg og ryddig. Dersom kjøpar ikkje har teikna bustadkjøparforsikring kan du kontakte meklar for å få kontaktinformasjon til bustadseljarforsikringa til seljar.
Av vilkåra går det fram unntak i forsikringsdekninga, til dømes ved nye forhold som oppstår mellom aksept og overtaking. Garantiar/lovnader der seljar har påteke seg ansvar for eigenskapar ved eigedomen eller dokumentasjon av slike, vert ikkje dekt. I nokre tilfelle er det heller ikkje dekning der seljar har opptrådt forsettleg eller grovt aktlaust. Forsikringa omfattar heller ikkje ein redusert bustadverdi som skuldast skadedyr/insekt, til dømes skjeggkre/perlekre/sølvkre, veggdyr, pelsbiller, maur, borebiller og tilsvarande. I samsvar med lov og rettspraksis må det reklamerast "innan rimeleg tid". Det vert tilrådd å reklamere umiddelbart/snarast mogleg og seinast innan 2 månader frå forholdet vart/burde vorte oppdaga.
Dersom kjøpar utbetrar mangelskrav på eiga hand, kan dette medføre at reklamasjonsretten vert tapt.
Boligkjøperforsikring
Vedlagt i salsoppgåva følgjer informasjon om Bustadkjøparforsikring Pluss og Bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Bustadkjøparforsikring er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det blir oppdaga uventa feil eller manglar ved bustaden dei neste fem åra. Bustadkjøparforsikring Pluss har same dekning som bustadkjøparforsikring + fullverdig advokathjelp på viktige rettsområde i privatlivet. Les meir om begge forsikringane i vedlagde materiell eller på help.no. Det blir gjort merksam på at meklarføretaket mottar kr 1 900 / 2 600 / 2 600,- (avhengig av bustadtype) i kostnadsgodtgjersle for kvar forsikringsavtale som blir formidla på Bustadkjøparforsikring Pluss og kr 2 900 ,- / 3 600,- / 3 600,- i kostnadsgodtgjersle for Bustadkjøparforsikring.
Forsikringsselskap
Storebrand Forsikring AS
Avgiftsbeskrivelse
Dette inkluderer vatn- og avlaupsavgifter og feiing. Den totale årlege kostnaden vil variere etter eige forbruk.
Renovasjon blir fakturert frå NoMil.
Kommunale gebyr er ein kombinasjon av forskot, abonnement og enkeltgebyr fakturert etter levert teneste. Kommunen kjenner ikkje samla gebyr for ein eigedom for eit år før året er omme.
I tillegg kjem eigedomsskatt på kr 8 138,- for 2026.
Moderniseringer og påkostninger
Vedlikehaldshistorikk sameiget:
2026:
- Dugnadsarbeid med vedlikehald av plen og uteområde
2025:
- Anskaffing av reiskapsbod
- Utvendig vedlikehald av bygningar
- Vedlikehald av ventilasjon
Betalingsbetingelser
Kjøpesum og alle kostnader skal vere innbetalt til meklar sin klientkonto før overtaking. Det føresetjast at skøyte blir tinglyst på ny eigar. Dersom kjøpar ikkje ønskjer heimelsoverføring av eigedommen til seg, må det takast atterhald om dette i bodet.
Oppdragsansvarlig
Megler: Sissel Halnes Eigedomsmeklar MNEF
Fasiliteter
- Balkong/Terrasse
- Garasje / P-plass
Adgang til utleie
Det er ingen utleigeforhold knytte til eigedomen i dag. Utleige av seksjonen kan vere avgrensa, jf. sameiget sine vedtekter og krav om styregodkjenning.
Seksjonseigar har rett til å leige ut seksjonen sin, men leigetakar må godkjennast av styret. Godkjenning kan berre nektast dersom det ligg føre sakleg grunn. Seksjonseigar skal sørgje for at leigetakar til ei kvar tid har fått eit eksemplar av husordensreglane til sameiget.
Radon
Det er ikkje utført radonmåling og det er heller ikkje krav til dette, for meir informasjon vedrørande radon sjå
www.dsa.no. Kjøpar overtek frå overtakingsdagen ansvaret for eventuelle utbetringstiltak som seinare må setjast i gang og betalast.
Eigedomen ligg i eit område med moderat til låg aktsemdsgrad for radon.
Det er montert radonduk i samsvar med krav i teknisk forskrift.
Sentrale lover
Eigedomen vert seld etter reglane i avhendingslova.
Salsoppgåva er basert på dei opplysningane seljar har gitt til bygningsakkyndig og meklar, samt opplysningar innhenta frå kommunen, Statens kartverk og andre tilgjengelege kjelder.
Eigedomen skal overleverast til kjøpar i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta, med dette salsoppgåve, tilstandsrapport og seljar si egenerklæring. Kjøpar vert sett på som kjent med forhold som er tydeleg beskrive i salsdokumenta. Forhold som er beskrive i salsdokumenta kan ikkje påberopast som manglar. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta. Alle interessentar vert oppmoda til å undersøkje eigedomen nøye, gjerne saman med fagkyndig før bod vert gjeve. Kjøpar som vel å kjøpe usett kan ikkje gjere gjeldande som mangel noko han burde blitt kjent med ved undersøkinga. Dersom det er behov for avklaringar, anbefalar vi at kjøpar rådfører seg med eigedomsmeklar eller ein bygningsakyndig før det vert lagt inn bod.
Dersom kjøpar ikkje er forbrukar seljast eigedomen «som den er», og seljar sitt ansvar er då avgrensa jf.§ 3-9 1. ledd 2. pkt. Informasjon om kjøpar si undersøkingsplikt, med dette oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld og for kjøparar som ikkje vert vurdert som forbrukarar.
På grunn av ulike avtalevilkår kan seljar vurdere bod frå ein som ikkje er forbrukar, ulikt frå ein forbrukar sitt bod. Dersom kjøpar ikkje er forbrukar, er seljar sitt mulege mangelsansvar avgrensa fordi eigedomen vert seld "som den er". Seljar kan ikkje ta «som den er» atterhald ovanfor ein forbrukarkjøpar. Sjølv eit lågare bod frå ein som ikkje er forbrukar kan foretrekkast fordi avgrensinga i muleg mangelsansvar kan ha eigenverdi for seljar. Seljar står fritt til å forkaste eller akseptere eitkvart bod, og pliktar til dømes ikkje å akseptere høgste bod.
Bodgjevarar får informasjon dersom andre bod er gjeve av ein som ikkje er forbrukar.
Forbrukarkjøp - definisjon:
Med forbrukarkjøp meinast kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.
Forbrukar - avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen, eller det ligg føre brot på bestemmingane i avhendingslova §§ 3-2 til 3-8. Dersom eigedomen ikkje er i samsvar med det kjøparen må kunne vente ut frå alder, type og synleg tilstand, kan det vere grunnlag for mangelskrav. Det same gjeld dersom det er halde tilbake eller gitt urette opplysningar om eigedomen. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det virka inn på avtalen at opplysningen ikkje vart gitt eller at feil urette opplysningar ikke blir retta i tide på ein tydeleg måte.
Ein bustad som har blitt brukt i ei viss tid, har vanlegvis blitt utsett for slitasje og skadar kan ha oppstått. Slik bruksslitasje må kjøpar rekne med, og det kan avdekkast enkelte forhold etter overtakinga som gjer det naudsynt med utbetringa utbedringar. Normal slitasje og skadar som gjer det naudsynt med utbetring, er innanfor kva kjøpar må vente og vil ikkje utgjere ein mangel.
Bustaden kan ha ein mangel etter avhendingslova § 3-3 dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk innvendig areal, forutsett at avviket er på 2 % eller meir og minimum 1 kvm.
Ved berekning av eit eventuelt prisavslag eller erstatning må kjøpar sjølv dekke tap/kostnader opptil eit beløp på kr 10 000 (eigendel).
Ikkje - forbrukar (næringsdrivande) – definisjon:
Dersom kjøpar er ein juridisk person, eller ein fysisk person som hovudsakeleg handlar som ledd i næringsverksemnd, vil kjøpet ikkje bli sett på som eit forbrukarkjøp.
Ikkje - forbrukar – avtalevilkår:
Eigedomen har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med krava som følgjer av avtalen. Eigedomen vert seld «som den er», og seljar sitt ansvar utover det konkret avtalte er då avgrensa etter avhendingslova § 3-9, første ledd andre setning.
Avhendingslova § 3-3 andre ledd vert fråviken, og korvidt arealsvikt i bustaden utgjer ein mangel vert vurdert etter avhendingslova § 3-8.
Ein føresetnad for salet er at skøyet for eigedomen vert tinglyst på kjøpar. Interessentar og kjøpar må godta at seljar og meklar brukar elektronisk kommunikasjon i salsprosessen.
I trå med eigedomsmeklingsforskrifta vil informasjon om oppdragsgivar, salsobjektet, interessentar og kjøpar bli lagra av meklarføretaket i min. 10 år. Sjå em1.no for meir informasjon om handsaminga vår av personopplysningar.
Personopplysningsloven
Vi gjer interessentar og kjøparar merksame på at vi vil handsame, etter personopplysingslova, personopplysningane dine i den utstrekning dette er naudsynt for å oppfylle våre lovpålagte plikter, med dette for å kunne gjere kundekontroll etter kvitvaskingslova samt for å utføre oppgåver som vi er pålagt etter eigedomsmeklingslova.
Kommunalinfo
- Kommunale avgifter: kr 17 273
- Eiendomsskatt: kr 8 138
- Informasjon om eiendomsskatt: Eigedomsskatten utgjer 3,5 promille av eigedomsskattegrunnlaget på kr 2 325 405 i 2026.